VARSEMD: Berre reint trevirke bør nyttast i jonsokbål. Illustrasjonsfoto
VARSEMD: Berre reint trevirke bør nyttast i jonsokbål. Illustrasjonsfoto

Åtvarar mot giftige jonsokbål

Mange fyrer på trevirke som inneheld krom, arsen og tjærestoffet kreosot.

"Impregnert trevirke kan gje frå seg giftige gassar når det brenn. Brenn difor ikkje dei grågrøne plankane på jonsokbålet", skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Berre reint trevirke

Ein ser gjerne jonsokbålet som eit godt høve for å bli kvitt avfall. Det kan vera forureinande og gje frå seg giftige gassar. 

Avfall som ikkje høyrer heime på bålet i følgja Fylkesmannen er:

  • Impregnert trevirke kan innehalde kopar og verstingstoffa krom, arsen og tjærestoffet kreosot. Oske og røyk er giftig og kan innehalde arsenikk
  • Madrasser, møbel, tekstil og skumplast kan innehalde polyuretan som gir helseskadelege gassar, blåsyre og kolos
  • Plast som blir brent kan skape dioksinar som mellom anna er kreftframkallande. Plast kan også innehalde ei rekkje andre skadelege stoff

"På eit jonsokbål skal det difor berre vere reint trevirke. Reint trevirke må vere fritt for lim, lakk og maling", 

 

Til toppen