TISA-AVTALE: Hilmar Høl (Ap) bad kommunestyret i Årdal om å vere med på eit uttale der ein erklærte Årdal for ei Tisa-fri sone for å sende eit signal til regjeringa. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TISA-AVTALE: Hilmar Høl (Ap) bad kommunestyret i Årdal om å vere med på eit uttale der ein erklærte Årdal for ei Tisa-fri sone for å sende eit signal til regjeringa. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Åtvarar mot privatisering av offentlege tenester med Tisa-avtalen

– Ønskjer me å pressa fram meir konkurranseutsetjing og privatisering av offentlege tenester? spør Hilmar Høl (Ap). 

Årdal: Arbeidarparti-politikaren tok opp spørsmålet då kommunestyret i Årdal møttest førre veke. I ein interpellasjon til ordførar bad Høl om at Årdal skulle erklære seg om Tisa-fri sone inntil visse krav var oppfylt.

– Tisa-forhandlingane føregår bak stengte dører. Medan næringslivet aktivt får vere med og utforme dei nye handelsavtalane, må folkevalde og fagrørsla kjempe for å få innsyn.

Kva er Tisa-forhandlingane? Sjekk faktaboks til høgre eller nedst i artikkelen dersom du nyttar smarttelefon.

– Negative følgjer

Tisa (Trade in Services Agreement) er ein fleirstatleg avtale om handel med tenester som no vert forhandla fram mellom 50 WTO-medlemmar. Forhandlingane spring ut av manglande framdrift i forhandlingane i Verdas handelsorganisasjon (WTO) og av at ministerane i 2011 bad WTO-medlemmane vurdere alternative måtar å oppfylle Doga-mandadet på.

Motstandarane av avtalen meiner han har som mål å liberalisere og auke handelen med tenester for å gi internasjonale selskap enklare tilgang til frihandelsområda.

– Avtalen skal fjerna handelshindringar som forskjellbehandlar utanlandske og lokale aktørar. Hovudsakleg vert avtalen forhandla mellom rike land utanfor WTO. Dette kan få negative følgjer for utviklingslanda, som kan bli tvungne til å slutta seg til ein avtale som dei sjølve ikkje har hatt høve til å forhandla om, forklarar Høl.

Han åtvarar mot at avtalen vil opna opp for endå meir privatisering av offentlege tenester som ikkje vil vera mogleg for framtidige regjeringar å reversere. 

– Avtalen byggjer på eit «list det eller mist det»-prinsipp, som betyr at når avtalen er signert, kan ikkje landa bestemme at nye tenester skal skjermast frå internasjonal konkurranse. Dette fører til at velferdstenester vert permanent konkurranseutsett, og nasjonale og lokale myndigheiter vil bli fråteken handlingsfridom på kostnad av multinasjonale storselskap. Me risikerer å få høgrepolitikk for all framtid.

Fekk støtte frå andre parti

I interpellasjonen kom Høl med forslag til ein høyringsuttale som Årdal kommune sender til regjeringa. Sjølv om enkelte av kommunestyremedlemmane syntest det var litt brått å bestemme dette over bordet, stilte samtlege seg bak uttalen.

– Senterpartiet er fullt med Arbeidarpartiet i denne saka. Det er viktig å senda desse signala inn til regjeringa. Dette er alvorleg. Takk til Hilmar, kommenterte Erling Offerdal (Sp). 

– Eg er jo ny i Høgre, men eg har ikkje andre synspunkt over utviklinga som kjem. Å lage ein uttale stiller eg meg bak. Dette er komplekst, og det er litt problematisk at me får det over bordet, sjølv om eg forstår kva du seier og meiner, sa Knut Arne Klingenberg (H). 

Ifølgje regjeringen.no er Tisa viktig for Noreg fordi eksport av tenester er viktig for norsk økonomi og sysselsetjing. Globalt er tenester og tenestehandel ein heilt sentral del av økonomisk infrastruktur, og verdsøkonomien er avhengig av velfungerande tenestemarknader. 

«Tisa vil gi norske bedrifter auka føreseielegheit og gjere det enklare å eksportere tenester til andre land, noko som vil bidra positivt til økonomisk vekst og sysselsetjing.» 

Vil råke landbruket

Samstundes med forhandlingane i Tisa føregår det forhandlingar mellom EU og USA om ein investerings- og handelsavtale som vil få verknader i Noreg gjennom EØS-avtalen.

Noregs deltaking i Tisa kan dermed medføre at landet får ein investor/stat-tvisteløysing med på kjøpet. Dette kan berre brukast av utanlandske investorar mot regjeringar. Då kan regjeringa bli saksøkt og måtte betale erstatning til eit selskap som innfører reguleringar på område som miljø, arbeidsmiljø, helse, utdanning og mat.

– Dette er ei sak som vil slå hardt ut for Noreg og nasjonen vår, iallfall me som driv med landbruk. Viss me skal gå med på noko sånt, kan me berre gløyma å drive landbruk i denne steinrøysa som me driv i. Då blir det ikkje i Noreg maten vert laga. Det er viktig at me alle set oss godt inn i denne saka dersom me ønskjer at maten vår skal bli laga i Noreg, sa Ole Bjarne Hovland (Sp).

Til toppen