SKREDFARE: Snøskredfaren i Sogn er på oransje nivå, det nest høgste. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
SKREDFARE: Snøskredfaren i Sogn er på oransje nivå, det nest høgste. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

Åtvarar mot skredfare i fjellet

Snøskredfaren i Sogn er på oransje nivå.

Indre Sogn: I løpet av ei veka har skredvarslinga fått inn observasjonar av eit nyleg danna lag av kantkorn høgt oppe i snødekke i ein del regionar. Dette har resultert i ei rekke fjernutløysingar, naturleg utløyste skred og skiløparutløyste skred.

Om våren er det mange som ferdast i fjellet på ski. Med mykje godt vêr er det enno fleire som freistar å ta turen ut.

Men no åtvarar NVE om eit svakt lag av kantkorn høgt oppe i snødekke. Måndag er farenivået i Sogn på oransje nivå, det nest høgste.

– Talet på drønn, skred og storleiken på dei utløyste skreda tyder på stor utbreiing av problemet, fortel snøskredvarslar i NVE, Andreas Haslestad, i ei pressemelding.

– Vanlegvis ser me kantkorn i samanheng med eit skredproblem som me først og fremst har midtvinters, men no har altså vêrforholda skapt dette problemet i april, seier han vidare og oppmodar folk som skal ut på tur om å sjekke skredvarslinga på varsom.no.

At ein kanskje ikkje får drønn eller sprekkar, gjer det ekstra vanskeleg med eit slikt type lag. Det kan skuldast at snøen over det svake laget er for tjukk eller hardt til at du klarar å påverke det.

I tillegg kan det vera at det ikkje finst i den himmelretninga du går opp, men ligg under snøoverflata der du skal ned. Det er med andre ord krevjande forhold i fjellet.

Til toppen