SNØSKREDFARE: Snøskredfaren i Sogn og Fjordane er no høg grunna varme tempraturar og store nedbørsmengder. FOTO: Arkiv
SNØSKREDFARE: Snøskredfaren i Sogn og Fjordane er no høg grunna varme tempraturar og store nedbørsmengder. FOTO: Arkiv

Åtvarar mot snøskredfare

Det blir no åtvara om stor skredfare i Sogn og Fjordane. Årsakane til den auka skredfaren er temperaturstigning, kraftig vind og svært mykje nedbør.

ÅRDAL/LÆRDAL: Varselet er på faregrad 3 – oransje nivå – som er nest høgst på skredfareskalaen.

NVE skriv på sine nettstadar at all ferdsel i skredterreng no krever solid kunnskap, erfaring i ruteval og evne til å identifisere skredproblem.

Det vert tilrådd å unngå terreng brattare enn 30 grader og halde avstand til utløpsområde.

– Snøskredvarselet for Sogn region syner generelt ustabile forhold. Stadvis kan ein enkelt skikøyrar løyse ut skred i område med ferske nysnøflak, melder Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

 
Til toppen