Indre Sogn: I perioden frå 15. april til 15. september gjeld eit generelt forbod mot å gjere opp eld nær skog og utmark.
– Folk som vil brenne bål jonsokaftan, må sjekke kva vedtekter som gjeld for sin kommune, seier informasjonssjef Sturle Hagen i Norsk brannvernforening.
Brannvernforeininga minner samtidig om at sankthansbål må ha god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale. Før ein set fyr på bålet, bør ein også sørgje for å ha rikeleg med sløkkevatn tilgjengeleg. Ein edru person bør ha hovudansvaret for bålet frå det vert tent til det er sløkt. (©NPK)