FARE PÅ FERDE: Vind og snø kan skapa problem i høgda torsdag.
FARE PÅ FERDE: Vind og snø kan skapa problem i høgda torsdag. (Foto: Skjermdump/Meteorologisk institutt)

Åtvarar mot vanskelege køyretilhøve i fjellet

Gult farevarsel frå Meteorologisk institutt.

Indre Sogn: – Alle som skal ferdast i fjellet må vera budde på lokalt vanskelege køyretilhøve på grunn av sterk vind og snø, skriv Meteorologisk institutt på Twitter.

Torsdag føremiddag sende dei ut eit farevarsel på gult nivå på bakgrunn av meldingane.

Frå torsdag førmiddag er det venta aukande vind og snø i høgda. Vinden vil minka først natt til fredag. Meteorologane rår folk til å sko bilane med dekk som passar til vêr og tilhøva på vegen.

Klokka 13.26 melde Vegtrafikksentralen at Sognefjellet er stengt på grunn av uvêr.

Til toppen