MOTTOK PLAKETT: Anette Breistøl og Silje Maristuen mottok plakett på haustfesten til Audhumbla 4H. Foto: Ida Rudningen.
MOTTOK PLAKETT: Anette Breistøl og Silje Maristuen mottok plakett på haustfesten til Audhumbla 4H. Foto: Ida Rudningen.

Audhumbla 4H feira haustfest

Laurdag var det haustfest i Audhumbla 4H, der 21 medlem synte fram kva dei hadde jobba med det siste året.

Borgund: Det var store variasjonar i prosjekta til borna og ungdomane. Alt strikking og matlaging til trening og avløysar hadde vore tema.

Eit rikt program med song skrive av Andrea Nesse Walla, samt sketsjar og publikumsleikar fekk latteren til runge i samfunnshuset på Borgund.

Dagfinn Hegg-Lunde delte ut merker og diplom til medlema som fekk godkjend oppgåva si. I år var det tre medlem som mottok plakettnål.

Artikkelen held fram under biletet.

INNSLAG: Medlema hadde laga til sketsjar og publikumsleikar under haustfesten til Audhumbla 4H.
INNSLAG: Medlema hadde laga til sketsjar og publikumsleikar under haustfesten til Audhumbla 4H.

Sjølve plaketten skal dei få utdelt under ei fellesmarkering for alle mottakarar frå heile fylket litt seinare. Det var også loddsal, der premiane var donert frå butikkar i Lærdal, samt 4H-effektar. 

Neste år fyller Audhumbla 4H 20 år. 

Til toppen