FEMTE GENERASJON: Første Audi A4 ble lansert i 1994, da den tok over for Audi 80. Foto: Morten Abrahamsen
FEMTE GENERASJON: Første Audi A4 ble lansert i 1994, da den tok over for Audi 80. Foto: Morten Abrahamsen

Audi A4 viser klasse

Utvendig er det ikkje lett å sjå, men den nye Audi A4 set ein ny standard for mellomstore familiebilar.

Audi kallar sjølv A4 for den viktigaste modellen sin, det er med andre ord ein bil som må vere bra, når han no kjem i ei heilt ny utgåve. Førre generasjon har vore på vegen sidan 2007. Det betyr at det var på høg tid med noko nytt i eit segment der det er mange sterke konkurrentar med modellar som dei siste åra har vore mykje ferskare enn Audis A4.

Ytre sett verkar det ved første blikk som det knapt har vore gjort noko som helst. Det er berre ikkje Audi sin greie å finne på noko vilt i den utvendige estetikken. Ser ein nøyare etter oppdagar ein litt skarpare kantar og nye lykter framme og bak. Storleiken er temmeleg lik forgjengaren. Han er eit par centimeter lengre, har same høgd og er éin centimeter breiare.

Slanka seg

Det som er viktigare, er at femte generasjon av bilen har slanka seg. No er han opptil 120 kilo lettare enn utgåva han erstattar. Litt betre utnytting av innvendig plass gir drygt to centimeter betre beinplass i bakseta, og i bagasjerommet er det plass til 15 fleire literskartongar med mjølk enn tidlegare.

Og er ein først innvendig, kan ein nyte Audis nye «virtual cockpit», som rett og slett har tatt moderne bilinteriør til eit nytt nivå. Det vart først introdusert med TT i 2014, og kom deretter i den nye Q7-modellen i fjor.

Det vil seie at ein har ein heildigital skjerm der ein tidlegare fann klokkene til speedometer og turteljar. Her kan det svitsjast mellom forskjellige funksjonar, og klokkene kan justerast i storleik. Dette gjer ein frå ein brytar som sit på rattet, og det fungerer aldeles utmerkt. I denne bilen er det i tillegg ein ekstremt god skjerm plassert ergonomisk i rett høgde over midtkonsollen. Han stel ikkje sikt i vindauget, men sit likevel så høgt at blikket knapt må vandre vekk frå vegen, og det er plass til andre funksjonar som er lette å nå frå midtkonsollen og opp.

Ny standard

Alt saman er lett å bruke, og oppløysinga i skjermane er i stjerneklassen. Mengda datatrafikk i bilen er truleg slik at ein ikkje hadde snakka om første mann på månen i 1969, men om første masseforflytting – om ein hadde hatt kapasiteten til den nye A4-en.

At det i tillegg ser bra ut, og at den opplevde kvaliteten er på nivå med dei aller dyraste bilane på marknaden, gjer at bilen set ein ny standard i mellomklassen. Det kan vere verdt å merke seg at den nesten heilt nye C-klassen til Mercedes ikkje har noko i nærleiken av dette. Der må ein ta steget opp til den nye E-klassen som kjem om ikkje lenge, for å få noko som matchar.

Ein skal også hugse på at ein sit inni ein bil når ein køyrer han, så interiøret er eit ganske stort poeng når det gjeld trivselen i eit køyretøy. At han er litt forsiktig på utsida spelar ikkje store rolla når ein sit bak rattet.

Ekstra krefter

Køyremessig er også den nye A4 ein fint steg vidare. Han hamnar ein stad midt imellom BMWs meir sportslege 3-serie og den svært komfortable Mercedes C-klasse. Med artigare eigenskapar enn Mercedesen, og meir storbilkjensle enn ein finn i BMW-en.

Der tidlegare A4 med firehjulstrekk aldri heilt har klart å skjule at dei i utgangspunktet er framhjulsdrivne, er den nye meir nøytral. Han har mindre hang til understyring og generelt ganske morosame eigenskapar, godt hjelpt av ei kjapp og presis styring og ei girkasse som kan vere komfortabel, eller svært hurtig, ettersom kva ein ønskjer.

Versjonen vi har prøvd, er den per i dag sterkaste i dei norske prislistene, med 252 hestekrefter. Det gjer han til ein familiebil med godt med ekstra krefter når behovet er der. Utstyrsmessig er han også stappa, for å vise fram kva som er tilgjengeleg, noko som gir testmodellen ein ganske frisk pris. Samtidig kan det vere ein idé å sjå på ein bil som dette, om ein eigentleg er i marknaden for ein A6. A4-en har nemleg godt med plass, og teknisk sett er han i eit anna tiår enn A6.

Til toppen