NYE LINJER: Audi har valt å la Q2 skilja seg litt frå dei andre Audi modellane. SUV-ane, Q-modellane, har blitt litt strammare i kantane dei seinare åra, men ingen har så markerte linjer som Q2. FOTO: Cornelius Poppe / NTB scanpix /
NYE LINJER: Audi har valt å la Q2 skilja seg litt frå dei andre Audi modellane. SUV-ane, Q-modellane, har blitt litt strammare i kantane dei seinare åra, men ingen har så markerte linjer som Q2. FOTO: Cornelius Poppe / NTB scanpix /

Audi med funky små-SUV

Med Q2 køyrer Audi inn i eit segment dei ikkje har vore tidlegare: Dei små SUV-aktige livsstilsbilane med særprega design.

I ei årrekkje har Audi laga bilar som skal likna mest mogleg på kvarandre. For den uinnvigde har det medført at det knapt er mogleg å sjå forskjell på modellane som ligg nær kvarandre i storleik. Smart når det gjeld merkeidentitet. På den andre sida, kva er vitsen med å kjøpa dei større og dyrare modellane når forskjellen knapt er synleg? Som såpestykke med fire ringar i den eine enden.

Har naboen ein A4 eller A6, Q3 eller Q5? Ingen idé.

Med Q2 har nokre funne fram linjalen, eit instrument knapt nokon på designavdelinga til Audi har teke i før. Særleg hekken har fått eit meir kantete uttrykk enn ein er vand med frå den kanten, med linjebrot som er drege langs bilen.

Skilja seg ut

Det kan vera eit smart trekk. For Q2 skal inn i eit folketett segment, dei små SUV-ane, som også kan kallast crossover. Fellestrekket er at desse bilane er korte og ganske høge. Bilar som er vel fire meter, har litt ekstra bakkeklaring og ei litt høgare sitjestilling enn ein finn på dei kompakte bilane med same ytre mål.

Her er det mykje å velja mellom, nokre av dei i ufarleg design som Opel Mokka, Mazda CX-3 og BMW X1, medan andre har prøvd eit litt meir funky uttrykk, som Mini Countryman, Fiat 500X og Mercedes-Benz GLA. Noko for alle, kan ein seia. Sikkert ikkje dumt å skilja seg litt ut, og Q2 gjer det. Han ser litt kul ut, og trekkjer faktisk til seg ein del merksemd.

Felles for dei aller fleste bilmodellane her er at ein kan velja mellom forhjulstrekk eller trekk på alle fire. Det gjeld også for Q2. No i introduksjonsfasen er det berre firehjulstrekk i kombinasjon med 150 hestekrefters diesel, medan bilen vi testar har tilsvarande tal hestekrefter som går på bensin og forhjulstrekk.

Artikkelen held fram under biletet

BRA PLASS: Bilen er liten, men dei rette linjene gjer at den innvendige plassen er god. Takhøgda er bra, men skulderhøgda til bilen gjer at sikta frå baksetet ikkje er all verda for småfolk.
BRA PLASS: Bilen er liten, men dei rette linjene gjer at den innvendige plassen er god. Takhøgda er bra, men skulderhøgda til bilen gjer at sikta frå baksetet ikkje er all verda for småfolk.

Lett

At det er litt snålt å gå for ein bil med litt ekstra bakkeklaring og robuste detaljar og trekk på berre éin aksling, er ein diskusjon i seg sjølv. Då kunne ein kan kanskje nøydd seg med ein vanleg kompaktbil, som er billegare?

Uansett, Q2 er av dei kortare bilane i segmentet, og med denne drivlina også av dei lettaste. Han veg vel 1,2 tonn. Noko som gjer han til ein kvikk og lettbeint bil. Meir sportsleg enn ein er vand med for denne typen køyretøy. Girkasse og motor har ein fin sameksistens, og testbilen kan også stillast inn på meir eller mindre hissige nivå.

At bilen er kort, gjer at han blir noko spretten. Den korte akselavstanden får Q2 til å bli litt påverka av dårleg veg, der er det andre bilar i klassen som klarar seg betre. Det er ikkje noko stort irritasjonsmoment, men det gjer han litt mindre komfortabel om vegen er av sjaber kvalitet.

Styringa er direkte og presis, og bilen blir gjerne med på litt inspirert køyring. Med berre framhjulstrekk, og haustkalde vegar, blir det litt hjulspinn og understyring, men aldri meir enn at det er kontrollerbart. Q2 har blitt ein kjekk bil, som også kjennest ganske praktisk trass i at han berre er vel fire meter lang.

Artikkelen held fram under biletet

HJULA I KVART HJØRNE: Q2 har eit hjul i kvart hjørne, slik ein til dømes assosierer med Mini Countryman, som truleg blir den nærmaste konkurrenten til bilen.
HJULA I KVART HJØRNE: Q2 har eit hjul i kvart hjørne, slik ein til dømes assosierer med Mini Countryman, som truleg blir den nærmaste konkurrenten til bilen.

Dyr

Plassen i bakseta er grei, og takforma gjer at ein ikkje må trykkja hovudet ned i skuldrene for å få plass. Bagasjerommet tek vel 400 liter, noko som er bra i klassen. Førarmiljøet held bra Audi-standard, med ein del av det nyaste dei har å by på. Ikkje så digitalisert som det ein finn i A4, men av dei betre samanlikna med andre bilar i same storleik.

Prismessig legg Q2 seg høgt i segmentet. For ein lågare pris enn bilen vi testa, får du til dømes ein Opel Mokka X med 152 hestekrefter og firehjulstrekk. Samtidig er Audi ein meir raffinert bil. Truleg kjem den aller viktigaste testen på om Q2 er verdt pengane når Mini om ikkje lenge kjem med ei heilt ny utgåve av Countryman.

Audi sjølv har store forhåpningar, dei reknar med eit sal på rundt 700 bilar neste år, i eit segment dei ikkje har vore representert i tidlegare. Slik sett burde det bli ein del heilt nye kundar, og truleg nokre som vel bort A3 og går for Q2.

 

Til toppen