FYLKESTREFF: Bakerst frå venstre: Reidar Fugle Nordhaug, Daniel Fossheim, Olav Vindedal Erikstad, Sigve Mandelid, Haakon Kyrkjebø Nybø, Daniel Sandbakk, Henrik Thorsnes Lefdal, Munir Jaber og Sindre Hornnes.  
Framme frå venstre: Sofie Sundberg, Silje Viktoria Gravdal Vallestad, Linda Watten, Sandra Tenud, Katarina Rosø, Paulina Sitarz og Helene Skaar.  
Fremst på bilete er Manir Hussaini. Foto: Jostein Vedvik. 
FYLKESTREFF: Bakerst frå venstre: Reidar Fugle Nordhaug, Daniel Fossheim, Olav Vindedal Erikstad, Sigve Mandelid, Haakon Kyrkjebø Nybø, Daniel Sandbakk, Henrik Thorsnes Lefdal, Munir Jaber og Sindre Hornnes.  Framme frå venstre: Sofie Sundberg, Silje Viktoria Gravdal Vallestad, Linda Watten, Sandra Tenud, Katarina Rosø, Paulina Sitarz og Helene Skaar.  Fremst på bilete er Manir Hussaini. Foto: Jostein Vedvik. 

AUF-leiaren besøkte fylkestreffet

Luster AUF feira 10 år som lokallag med besøk frå Mani Hussaini.

Luster: Luster AUF inviterte lokallaga i fylket til treff, når dei feira 10-års jubileum i helga. Luster AUF var det første ungdomspartiet i Luster kommune.

Det var 20 medlemmar i AUF som var med på fylkestreffet. Lokallaga som var representerte på fylkestreffet var Sogndal AUF, Lærdal og Årdal AUF, Gloppen AUF, Førde AUF, Luster AUF og Stryn AUF.

Luster AUF hadde eit variert program til dei inviterte, fylt av både foredrag, diskusjonar og sosialt samvær.

Artikkelen held fram under bilete

DISKUSJONAR: Frå venstre: Mani Hussaini, Henrik Thorsnes Lefdal og Reidar Fugle Nordhaug.
DISKUSJONAR: Frå venstre: Mani Hussaini, Henrik Thorsnes Lefdal og Reidar Fugle Nordhaug.

Stort at Mani og Munir kom

Med på treffet var også AUF-leiar Mani Hussaini. Han synes det var kjekt å vere der saman med AUF Sogn og Fjordane. Laurdag heldt han innlegg, der valet i 2017 var på agendaen.

- Me har 380 dagar å drive val. Me ynskjer ei ny retning med Jonas Gahr Støre i spissen, sa Hussaini.

Hussaini la til at trygg økonomi, fråfall i skule samt redusering av fattigdom og klimautslepp er viktige saker for AUF.

- Me gler oss til valet 2017.

No vil han ut og snakke med ungdommen for å høyre kva som er viktige saker for dei.

- Vidare skal me jobbe mykje med valet, og då er det også viktig å vite kva ungdommen meiner.

Med seg hadde han sentralstyremedlem Munir Jaber. Han heldt innlegg til representantane om integreringspolitikk.

Til toppen