FEKK ROS: Henrik Thorsnes Lefdal oppsummerer landsmøtet til Arbeidarpartiet på ein positiv måte for AUF sin del. Lustringen fekk også ros frå Knut Storberget. Foto: Flickr/Arbeidarpartiet.
FEKK ROS: Henrik Thorsnes Lefdal oppsummerer landsmøtet til Arbeidarpartiet på ein positiv måte for AUF sin del. Lustringen fekk også ros frå Knut Storberget. Foto: Flickr/Arbeidarpartiet.

AUF-leiaren nøgd med gjennomslaga dei fekk på landsmøtet

Henrik Thorsnes Lefdal fortel at AUF fekk gjennomslag for mange viktige saker på landsmøtet til Arbeidarpartiet i helga.

Oslo: Mellom anna er dei viktigaste sigrane ei matkastelov, at KRLE-faget skal endrast til RLE, ei bemanningsnorm for skulehelsetenesta og læreplass til alle, seier Henrik Thorsnes Lefdal i ei pressemelding.

– Eg meiner at det programmet landsmøtet har vedteke svarar godt på mange av dei utfordringane me står overfor, og det har ein tydeleg ungdomsprofil. Me har fått gjennomslag for ei bemanningsnorm for skulehelsetenesta, me skal ha fleire lærarar rundt dei yngste elevane og alle som kvalifisarer seg til læreplass, skal få det.

– Det er òg veldig godt å sjå at me får gjennom saker som er spesielt viktig for Sogn og Fjordane, som differensiert drivstoffavgift og lik nettleige i heile Noreg, seier Thorsnes Lefdal.

Nådde ikkje fram med alt

På klima- og miljøfronten har AUF mellom anna fått gjennomslag for matkastelov, strengare krav til deponering av gruveavfall, redusert bruk av plast og mikroplast i forbruksvarer og ei felles europeisk panteordning. 

AUF fekk derimot ikkje gjennomslag for kompromisset om å vente med ei konsekvensutgreiing av Lofoten, Vesterålen og Senja.

AUF-leiaren er òg misnøgd med at Arbeidarpartiet ikkje går inn for å gjeninnføre rimelegheitsvilkåret, men meiner vedtaket om einslege mindreårige asylsøkjarar er eit steg i rett retning.  

– Me meiner at me burde gått lengre, men samstundes er det bra at Arbeiderpartiet er så tydeleg på at me vil redusere midlertidigheita for dei einslege asylbarna, og at me ønskjer ein praksisendring i behandling av desse sakene.

Til toppen