AUKA KONDISJON: Dersom ein brukar stavar under gå- eller joggeturen kan ein auka energiforbruket med opptil 20 prosent. 
AUKA KONDISJON: Dersom ein brukar stavar under gå- eller joggeturen kan ein auka energiforbruket med opptil 20 prosent. 

Auk kondisjonen ved hjelp av stavar

Visste du at dersom du supplerer gå- eller joggeturen med stavar, så aukar du energiforbruket med opptil 20 prosent?

I så fall er det viktig å læra seg den rette måten å bruka stavane på, og difor arrengerer Lærdal Idrettslag og Sogn og Fjordane Idrettskrins kurs i stavgang kommande onsdag.

– Stavgang er både moro og effektivt, seier leiaren i Lærdal Idrettslag Hallvard Thomassen.

– Stavgang er eit godt alternativ til jogging, eller som eit supplement til jogging. Energiforbruket aykar med 20 prosent samanlikna med vanleg gange. Bruk stavar på gåturen, og du betrar kondisjonen kraftig.

Thomassen fortel at det vert arrangert to kurs onsdag, eit på føremiddag via Frisklivssentralen og eit på ettermiddag via idrettslaget. Kurset er heilt gratis, og gevinsten er ifølgje han stor.

– Det er mange som er ute og luftar stavane sine, men feil bruk gir langt mindre effekt. Difor løner det seg å læra rett teknikk. Med det brukar ein overkroppen på ein heilt annan måte og tek automatisk lengre steg. Resultatet er auka hjartefrekvens og betre kondisjon.

Kurset er fyrste aktivitet knytta til folkehelsprosjektet «Trim ilag». Det er Ingrid Narum, plan- og utviklingsleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins, som leiar prosjektet, og ho fortel at kva målet med prosjektet er.

– Prosjektet er eit treårig samarbeidsprosjekt mellom idrettslaget og idrettskrinsen som skal setja fokus på fysisk aktivitet og trivsel i lokalmiljøa. Me har gjennomført to møter med lag og organisasjonar i Lærdal og har mange tiltak på blokka, seier ho.

– Desse skal me komma tilbake til, men me har lyst til å komma i gang med ein aktivitet no i haust.

Thomassen legg til at idrettslaget skal vera ei lokal drivkraft for å sikra godt lokalt samarbeid på tilbodssida.

– Det er spennande om ein kan kombinera ulike aktivtetar, lag og organisasjonar for å få fram spennande tilbod. Dette fekk me til under aktivitetsveka «Gla’i Lærdal», seier han.

Til toppen