AUKA FARE: Fylkesberedskapssjefen melder at det ikkje er sendt ut flaumvarsel, men minner om at auka fare for jord- og flaumskred bør bli rekna som eit varsel om fare for flaum og overfløymingar. Illustrasjonsfoto

Auka fare for jord- og flaumskred

Det er venta regn og smøsmelting, difor har NVE oppjustert varselet for jord- og flaumskredfare for heile fylket fredag.  

Varsel om jord- og flaumskredfare ligg no på gult nivå for heile Vestlandet, som er nivå to av totalt fire, melder Noreg vassdrags- og energidirektorat (NVE). 

Fredag er det venta relativt høge temperaturar og vind, noko som gir snøsmelting. Ut over dagen kan det koma opp mot 80 mm nedbør, også i høgfjellet. I tillegg er grunnvatnet og vassmettingsgraden i bakken høg. 

Haavard Stensvand, fylkesberedskapssjef, melder at det ikkje er sendt ut flaumvarsel, men minner om at auka fare for  jord- og flaumskred bør bli rekna som eit varsel om fare for flaum og overfløymingar, skriv Lærdal kommune på sine nettsider. 

Du kan følge med på utviklinga her. 

Til toppen