KRAFTNETT: Den nye kraftledningen i Lærdal skal i hovudsak gå langs med Lærdalselvi frå Borgund og heilt ut til Mork kraftverk i Erdal. 
KRAFTNETT: Den nye kraftledningen i Lærdal skal i hovudsak gå langs med Lærdalselvi frå Borgund og heilt ut til Mork kraftverk i Erdal. 

Auka kraftutbygging gir behov for ny kraftleidning

NVE har no gitt Lærdal Energi AS konsesjon til å bygga ny og oppgradert kraftleidning frå Erdal til Borgund i Lærdal.

Lærdal: Dagens regionale kraftnett gjennom Lærdal er ikkje dimensjonert for å ta imot krafta frå alle småkraftverka som har dukka opp og er på veg dei komande åra. Det er ei problemstilling som gjeld fleire kommunar ute i distrikta.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har no gitt Lærdal Energi AS konsesjon til å bygge og drive ein kring 27,5 km lang kraftleidning på strekninga Borgund, Stuvane, Lærdal til Mork. Denne skal erstatte det eksisterande nettet (Sjå faktaboks).

Resultat av planlagte kraftutbyggingar

KRAFT I VATN: Dagleg leiar i Lærdal Energi Per Gullaksen. Arkivfoto
KRAFT I VATN: Dagleg leiar i Lærdal Energi Per Gullaksen. Arkivfoto

– Dette er for å dimensjonere opp kraftnettet for å møta den planlagte kraftutbygginga, difor har me søkt om å oppgradere og forsterke det regionale nettet, forklarar Per Gullaksen, dagleg leiar i Lærdal Energi AS. 

– Kva er gale med dagens kraftnett?

– Det er ikkje noko gale, nettet er i god stand, stabilt og har lite utfall av kraft. Det går rett og slett på at nettet ikkje er dimensjonert til å ta ut så mykje kraft som me ventar framover, seier han.

Søkt om full pakke – blir truleg mindre

Likevel legg Gullaksen til at ikkje heilt blir den løysinga som er presentert i søknaden til NVE. 

– Søknaden til NVE er basert på det med visste i 2011/2012 då søknaden vart sendt. No visar det seg at nokre av kraftutbyggingane blir mindre enn først venta, som til dømes ved Mork kraftverk AS, andre blir ikkje realiserte, som til dømes Senda kraftverk. Me søkte om full pakke, men no ser det ut som me må nedjustere og revidere planen etter innspel og dialog med kraftutbyggarane i kommunen. Nærare årsskiftet vil me nok ha på plass ein ny plan for utbygginga, fortel Gullaksen. 

Spørsmål om kostnadar

Det er kraftutbyggarane som må ta rekninga for forsterkinga av kraftnettet, og må sjølve ta stilling til kva dei vil. 

– Det er ein del av utbygningskostnadane å få ut krafta. Dette må me ta hensyn til, og det er viktig å ha dialog med utbyggarane slik at me finn ei felles og optimal løysing, seier Gullaksen, som ser det som positivt at folk vil bidra til kraftutbygginga i kommunen. 

Akseptabel virkning på miljøet

NVE har vurdert at virkningane på miljøet er akseptable, då den nye kraftleidningen vil erstatte eller gå parallelt med den eksisterande leidningen.

Sjølv om kraftnettet vil gå gjennom område for friluftsliv og kulturminne, vil den vera lite synleg på grunn av skogen og terrenget. Leidningen skal også byggast med master i tre, mørke traverser og fargelause glasisolatorer, skriv NVE i bakgrunnsnotaret for vedtaket. 

Til toppen