GODT ÅR: Eigedomsmeklarar i Garanti, Torleiv Lægreid og Tina Alrek, kan sjå tilbake på eit svært godt 2016, der dei omsette 30 prosent fleire bustader enn året før. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
GODT ÅR: Eigedomsmeklarar i Garanti, Torleiv Lægreid og Tina Alrek, kan sjå tilbake på eit svært godt 2016, der dei omsette 30 prosent fleire bustader enn året før. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Auka omsetnaden med 30 prosent frå 2015

– I løpet av dei tolv åra eg har vore her, har omsetnaden aldri vore så stor.

Årdal: Det fortel eigedomsmeklar Torleiv Lægreid. I 2016 omsette Garanti litt i overkant av 80 bustader, noko som er ein kraftig auke frå året før. 

– Det er ein auke på 30 prosent, så me føler dette har vore eit veldig bra år, seier han. 

– Er det rekord?

– Ja, eg har vore her i tolv år, og omsetnaden har aldri vore så stor på dei tolv åra. Me har nokre svært gode år før mi tid også då det vart etablert burettslag.

Gode tider

Bustadmarknaden kan seie ein del om den generelle tilstanden i kommunen og viser ofte om det er oppgangstider eller dårlege tider. Med to sterke år på rad, tyder det på optimisme i Årdal.

– Me har hatt bølgjedalar, og dette indikerer no ei god stigning. Når det gjeld prisar, så har desse stabilisert seg. Og desse er det ganske stor forskjell på innad i kommunen sjølv om Årdal er ein liten plass. Til dømes går einebustader betre på Farnes, forklarar han.

Den sterke omsetnaden seier også noko om andre forhold, som arbeidsplassar. 

– Det er ein del nye unge personar som no etablerer seg i bygda. Dessutan får stadig fleire fast arbeid hjå dei store bedriftene Hydro og Norsun, noko som har mykje å seie, seier Tina Alrek, som også er meklar. 

Håpar på meir vekst

No håpar dei den gode trenden held fram inn i 2017. 

– Men me er veldig prisgitt jobbmarknaden her i Årdal. Det merkar me med ein gong. Er det tryggheit, merkar me det med ein gong på omsetnaden i bustader.

Til toppen