Leiv Malvin Myklemyr kom på andre plass i Nedre Årdal sokn med 314 personrøyster etter kyrkjevalet 2015. Foto: Hogne Linga
Leiv Malvin Myklemyr kom på andre plass i Nedre Årdal sokn med 314 personrøyster etter kyrkjevalet 2015. Foto: Hogne Linga

Auka valdeltaking ved kyrkjevalet

Med totalt kring 15 prosent valdeltaking i år merka sokna i Årdal ei auke i valdeltakinga samanlikna med valet i 2011.

Både hjå Øvre Årdal og Nedre Årdal sokn var det ei auka deltaking i kyrkjevalet som gjekk av stabelen samstundes som kommunevalet den 14. september. 

I 2011 var valdeltakinga 15,2 % for Nedre Årdal sokn, og i år auka deltakinga med 2,8 prosent der 269 personar slepte røysteseddelen i valurna.

I Øvre Årdal sokn auka deltakinga med heile 6,8 prosent frå førre val, og totalt røysta 342 personar i år. 

Øvre Årdal sokn

1. Hilda Marie Emberland Nese, 421 personrøyster

2. Inger Karlsen, 388 personrøyster

3. Leif Åberge, 388 personrøyster

4. Berit Henjum, 375 personrøyster

5. Oddbjørn Einan, 373 personrøyster

6. Alfhild Kristine Veium Øyre, 371 personrøyster

7. Jinett Sem-Johansen, 368 personrøyster

8. Ellen Marit Hollevik, 359 personrøyster

Nedre Årdal sokn

1. Hogne Linga, 345 personrøyster

2. Leiv Malvin Myklemyr, 314 personrøyster

3. Berit Margrete Grønsberg, 313 personrøyster

4. Jon Buene, 308 personrøyster

5. Odd Arne Guttulsrød, 301 personrøyster

6. Aud Gunvor Lægreid, 295 personrøyster

7. Johanna Gerharda Jansen, 294 personrøyster

8. Jane Grethe Stedje, 291 personrøyster

Til toppen