Ved Smedalsosen på Filefjell, bilete er tatt 29. april 2015. Foto: Statens vegvesen/Ole Kristian Åset
Ved Smedalsosen på Filefjell, bilete er tatt 29. april 2015. Foto: Statens vegvesen/Ole Kristian Åset

Aukar aktiviteten på E16

I den nye informasjonsfilmen om vegprosjektet E16 Filefjell, får du godt oversyn over vegbygginga.

Filmprodusenten Falkeblikk i Sogndal står bak informasjonsfilmen som er filma med drone. Her kan du sjå korleis E16 Filefjell ser ut, i fugleperspektiv:

Artikkelen held fram under videoen.

Lysregulering og halvtimesstengningar

– Aktiviteten på anlegget vil auke no fram mot sommaren med rask og rasjonell vegbygging over Filefjell. Det vil vere mange store maskinar i arbeid, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen.

Statens vegvesen opplyser at trafikantane vil merke dette ved omkøyringar opp og ned på den nye vegfyllinga, og det vil bli både lysregulering, manuell dirigering og halvtimesstengingar.

1. til 19. juni vil vegen som tidlegare meldt vere heilt stengt, på grunn av vegbygging på nokre vanskelege punkt.

LES OGSÅ: Stenger vegen over Filefjell i 19 dagar

Artikkelen held fram under biletet. 

Vegutbygging på E16 Filefjell, 29. april 2015
Utlegging av ny veg, tatt ved Smedalsosen på Filefjell 29. april 2015.
Foto: Statens vegvesen/Ole Kristian Åset

God framdrift

Statens vegvesen melder i ei pressemelding om god framdrift i Filefjelltunnelen, og at Hæhre Entreprenør denne veka har jobba seg om lag 3,5 km inn i den 5,8 km lange tunnelen. 

Steinmassar frå tunnel og sprengning har i laupet av vinteren vorte bearbeidd og lagt opp langs med eksisterande veg. Vidare fortel Statens vegvesen at arbeidet med å leggje ut ny veg har starta opp frå vest denne veka, og at Hæhre no skal i gong med å rive opp asfalten på gamle E16. Her skal det fyllast på med nye massar og byggjast ein ny og breiare europaveg. Vegen vert og heva i terrenget, for å betre køyreforholda vinterstid.

Til toppen