Moderat auke:  Bestandsplanen for Årdal legg opp til ein moderat auke i hjortestamma, samstundes som ein skal få bukt med beiteskade i områda der det er eit problem. Illustrasjonsfoto.
Moderat auke: Bestandsplanen for Årdal legg opp til ein moderat auke i hjortestamma, samstundes som ein skal få bukt med beiteskade i områda der det er eit problem. Illustrasjonsfoto.

Aukar kvoten med 50 dyr

Frå hausten av er hjortejakta i Årdal for første gong forvalta gjennom ein bestandsplan for heile kommunen. I planen ligg ein vesentleg auke i antal løyver.

​– Me har jobba med dette i over ti år, så det var på høg tid at me kom i mål, seier Vidar Moen, tidlegare leiar Årdal elg- og hjorteutval.

Stamma varierer rundt om i kommunen

At hjortejakta no blir organisert gjennom eit bestandsplanområde vil seia at grunneigarane får større råderett over forvaltinga av hjortestammen. Tidlegare har grunneigarane fått eit visst antal løyver per år for sitt område frå kommunen. No er det ein bestandsplan som gjeld for tre år som regulerer dette. Seks grunneigarar frå ulike deler av kommunen sit i styret for bestandsplanområdet. Desse seks representerer kvart sitt driftsplanområde:

  • Vikadalen (800 daa) - styrerepresentant: Per Bjørkum (styreleiar)
  • Offerdalen (800 daa) - styrerepresentant: Endre Offerdal
  • Fardalen (1200 daa) - styrerepresentant: Jostein Holsæter
  • Seimsdalen/Nundalen/Hæreid (1000 daa) - styrerepresentant: Vidar Moen
  • Eldegarden (1000 daa) - styrerepresentant: Jasmin Eminovic
  • Utladalen (1200 daa) - styrerepresentant: Vidar Hjelle

Dei ulike driftsplanområda får kvote etter ein bestemt tildelingsnøkkjel. Vikadalen og Offerdalen får flest løyver i høve areal (800 dekar per løyve) medan Utladalen og Fardalen få færrast (1200 dekar per løyve). 

– Områda som har problem med beiteskade får litt fleire løyver. Det er også litt ulik fordeling av dei ulike kategoriane løyver, altså kjønn og alder. Bakgrunnen for dette er at hjortestamma er noko ulik samansett rundt om i kommunen, forklarar Vidar Moen.

Vesentleg større fellingsprosent enn nabokommunane

Planen blei godkjend og vedteken i Formannskapet 14.juni. Offerdalen låg opphaveleg inne med tildelingsnøkkjel 1000 dekar per løyve, Erling Offerdal (SP) kom med framlegg om å endra dette til 800 dekar. Grunngjeving var store beiteskader i området, og formannskapet gjekk inn for framlegget. Elles vart planen vedteken som den låg føre.

I 2015 vart det tildelt 163 hjorteløyver for Årdal kommune. Bestandsplanen tok utgangspunkt i å auka kvoten til 202 løyver totalt ettersom samtlege driftsplanområde får ein tildelingsnøkkjel som genererer fleire løyver. Med endringa for Offerdalen vil det bli ein ytterlegare auke på om lag ti løyver, altså ein auke på femti totalt. Målsetjinga i planen for storleik på stamma er at denne skal auka moderat, og at ein skal nå dette ved å dreia avskytinga meir mot kalvar og ungdyr. I områda med beiteskader blir det lagd opp til å ta ut større del hodyr.

– Me har ein fellingsprosent på over sytti i Årdal, medan det i Lærdal og Luster er betrakteleg lågare. Her har dei også vesentleg større løyvetildeling, seier Moen.

I Lærdal er tildelingsnøkkjelen 500 dekar per løyve i det meste av bestandsplanområdet og 664 dekar per løyve ovanfor Husum. I Luster varierer tildelingsnøkkjelen i ulike delar av kommunen frå 375 dekar for områda med flest løyver og 750 dekar for områda med færrast løyver. Avskytingsprosenten i Lærdal var i følgje Hjorteviltregisteret 53,1 og for Luster 37,7 i 2015.

Samtlege grunneigarar i Årdal har tilslutta seg bestandsplanområdet.   

 

Til toppen