GLEDE: Borna frå Einehaugen barnehage skapte liv og stemning på Årdalstangen sjukeheim onsdag føremiddag med song og dans. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
GLEDE: Borna frå Einehaugen barnehage skapte liv og stemning på Årdalstangen sjukeheim onsdag føremiddag med song og dans. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

– Aukar livskvaliteten og gir kvardagsglede

Onsdag song og dansa borna i Einehaugen barnehage våren inn på sjukeheimen på Årdalstangen. 

Årdal: Framover skal borna i Einehaugen barnehage besøka bebuarane på Årdalstangen sjukeheim ein gong i månaden for dans og song. 

– Etterkvart som borna blir trygge, tek dei kontakt med dei eldre. Det betyr utruleg mykje for begge partar, seier Ellen Malene Alme, frå Einehaugen barnehage. 

Sjå borna syngje "Du skal ikkje tru det blir sommar" her. 

Gleda seg kvar gong

Onsdag var andre gong barnehagen besøkte sjukeheimen i vår. Det var sonen til Kathrine Askeland som går i Einehaugen, som fortalde om songane og dansen dei lærte i barnehagen. Då fekk pleiaren ein ide om at borna kunne kome å syna fram kva dei kunne til dei eldre.

– Me har gleda oss veldig til å få besøk. Det er veldig sporty gjort av barnehagen. Eg trur det er viktig at borna får eit forhold til dei eldre og bygger nye relasjonar til folk, seier Askeland som jobbar på Årdalstangen sjukeheim. 

DANS: Borna hadde øvd inn fleire dansar som dei synte fram til bebuarane på Årdalstangen sjukeheim.
DANS: Borna hadde øvd inn fleire dansar som dei synte fram til bebuarane på Årdalstangen sjukeheim.

– Det er kjekt at dei får dansa og bevega litt på seg. Eg trur bebuarane syns det er hyggeleg å få besøk av små som syng og dansar, seier Alme. 

Denne veka har barnehagen hatt trollveka der dei har lært seg fleire songar. I tillegg har dei våren som tema og har øvd på songar som dei eldre har god kjennskap til. 

Laga ny tradisjon

Barnehagen har tidlegare vore på besøk på sjukeheimen i Seimsdalen og vore innom Årdalstangen rundt juletider for å feira Luciadagen. 

– Me ønskjer å fortsetja med dette ein gong kvar månad framover. Før i dag, sa fleire av borna at dei gleda seg til å reisa ned på sjukeheimen og at dei syns det er veldig kjekt. I tillegg er det ekstra stas at dei får saft og frukt etter at dei er ferdige, seier Alme. 

Askeland trur besøkt har stor betyding for dei eldre og at dei set stor pris på å få besøk av dei små. 

– Det aukar livskvaliteten og gir kvardagsglede. Ungar er glede og me ønskjer å skapa glede for alle, seier Askeland. 

STAS: Etter danse- og songframsyinga får borna saft og frukt.
STAS: Etter danse- og songframsyinga får borna saft og frukt.

Notert i dagboka

– Ungane snakkar mykje om besøket og eg trur dei eldre likar at me er her, seier Alme. 

Dagsenteret for demente vert også invitert ned når borna har framsyning. 

– Desse brukarane har ei dagbok der dei skriver ned det som skjer. På slutten av veka går dei gjennom kva dei har gjort den siste veka med familiane sine, seier Askeland. 

Dei demente bur i eigne heimar og vert henta av heimesjukepleien når noko sosialt vert arrangert på sjukeheimen. 

Til toppen