HYDRO: Statnett aukar nettariffen, det blir ei ekstra byrde for Hydro fortel Ola Sæter.
HYDRO: Statnett aukar nettariffen, det blir ei ekstra byrde for Hydro fortel Ola Sæter. (Foto: Hydro/Arkiv)

Aukar nettariffen – dramatisk for verka i Årdal og Høyanger

Statnett sine endringar i nettariffen dei siste åra gir Hydro årlege ekstrakostnadar på 250 millionar kroner.

Årdal/Høyanger: Med den nye modellen som blei vedteke av Statnetts styre torsdag, vil dei norske metallverka få årlege ekstrakostnadar på 250 millioner kroner frå 2022, samanlikna med modellen som låg til grunn i åra 2015-2018.

Det var Driva som skreiv om saka først.

Verdas lågaste klimafotavtrykk 

– Det er eit paradoks at store EU-land som Tyskland og Frankrike sikrar industrien sine rammevilkår som gjer det mogleg å konkurrera betre globalt, medan me i Norge gjer det motsatte og svekkar konkurranseevnen vår, seier Sæter i en pressemelding til Driva.

I Norge produserer Hydro aluminium med verdas lågaste klimafotavtrykk. Metallverka i Sunndal, Årdal, Høyanger, Husnes og Karmøy har over 2 000 tilsette, med betydelige ringverknadar i kommunane der dei produserer.

– Dette er dramatisk for verka våre langs kysten og skapar ein betydeleg usikkerheit for lokalsamfunna som blir berørt. Aukinga vil svekka konkurranseevna til norsk fornybar aluminiumsproduksjon, som konkurrerer i den globale marknaden og representerer ein betydeleg verdiskaping for Norge og i våre lokalsamfunn, sier Ola Sæter.

Investert milliardar

Dei store ekstrakostnadene som aluminiumindustrien no får frå Statnett si auking i nettariffen vil gjera det vansklegare å forsvara vidare investeringar i norsk aluminiumsindustri.

– Me har investert milliardar dei siste åra for å utvikla våre norske metallverk. Dette har vore basert på ein fremtidstru for norsk aluminium som eit viktig bidrag til det grøne skiftet og ein forventing om at dei rammebetingelsane som har gjort det mogleg, ville videreførast, seier Ola Sæter.

Til toppen