SEL, TENAR OG UTBETALAR MEIR: Administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe, fortel at Coop Vest har som mål å vera den varehandelsaktøren som kundane veljer. Foto: Arild Johannessen
SEL, TENAR OG UTBETALAR MEIR: Administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe, fortel at Coop Vest har som mål å vera den varehandelsaktøren som kundane veljer. Foto: Arild Johannessen

Aukar på alle frontar

Coop Vest SA har ytterligare styrka posisjonen som den største handelsverksemda i regionen, med ei omsetjing på meir enn 1,6 milliardar kroner i 2014.

Medan Coop i Norge i fjor auka omsetninga med i gjennomsnitt 2,4 prosent, auka Coop Vest med 3,6 prosent. Driftsresultatet vart nesten fordobla, og årsresultat etter skatt vart meir enn fordobla i høve til 2013.

I 2014 har Coop Vest klart å oppretthalde ein høg og stabil marknadsdel på 30,3 prosent. Dette er åtte prosentpoeng høgare enn kva marknadsdelen er for Coop i Norge, skriv Coop Vest i ei pressemelding. 

Gir att til forbrukarane

I tillegg vart meir utbetalt i kjøpeutbytte og samarbeidsrabattar til medlemmene/medeigarane. Meir enn 50.000 medlemar/medeigarar i Coop Vest har fått utbetalt meir enn 27 millionar kroner i kjøpeutbytte, rabatt frå samarbeidspartnarane og renter på pengar dei har på konto i samvirkelaget. 

NØGD: Administrerande direktør i Coop Vest Geir Espe peikar mellom anna på Coop Vests samfunnsansvar, som ein av grunnane til den gode utviklinga i 2014.
NØGD: Administrerande direktør i Coop Vest Geir Espe peikar mellom anna på Coop Vests samfunnsansvar, som ein av grunnane til den gode utviklinga i 2014.

Administrerande direktør Geir Espe peikar på fleire årsaker til den gode utviklinga til Coop Vest i 2014.

Mellom anna har Coop Vest over tid kutta kostnadar samstundes som mykje pengar har gått til å oppgradere Coop-butikkane og tilpasse dei til dei mange og ulike marknadane dei er til stades i. Det er ein del av den strategiske satsinga, som har som mål å gjere Coop Vest til den varehandelsaktøren som kundane føretrekkjer.

Lokalmat og lokal verdiskaping

Espe legg til at også satsinga på lokalmat trekkjer fleire kundar til Coop Vests butikkar. I fjor omsette Coop Vest lokalmat for 60 millionar kroner.

– Vår erfaring er at folk er oppteken av lokalmaten og ser at Coop Vest gjennom å opne butikkane sine for lokale produsentar, dermed bidreg til verdifull lokal verdiskaping. Eg trur også måten me utøver lokal sponsorvirksomheit på blir lagt merke til og verdsett. Meir enn 2,5 millionar kroner fekk kultur, lag og foreiningar i fjor. Mellom anna dette, saman med lokalmatsatsing, synleggjer Coop Vest sitt samfunnsansvar, seier Espe. 

Til toppen