BLAUTT: Det er venta ein god del nedbør i løpet av dei neste 36 timane i Sogn og Fjordane. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
BLAUTT: Det er venta ein god del nedbør i løpet av dei neste 36 timane i Sogn og Fjordane. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Aukar varselet for ras og flaum

Det er venta ekstremt mykje regn enkelte stader det neste døgnet.

Indre Sogn: Meteorologisk institutt har difor sendt ut obs-varsel på grunn av dei ekstreme vêrforholda som vil råke Vestlandet måndag og tysdag.

Ifølgje varselet ser det ut til at indre strok slepp rimelegast unna. Frå og med natt til i dag og fram til tysdag morgon er det venta 50-100 millimeter nedbør på 36 timar lokale stader.

Også faren for ras og flaum er auka på grunn av nedbørsmengden som skal koma. Varsom.no melder at bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett.

Vassføringa i elvene er venta å vere på sitt høgste tysdag. I enkelte tilfelle vil reguleringar verke flaumdempande, og varselet vil for ikkje nødvendigvis gjelde i regulerte vassdrag.

Til toppen