FARTSSYNDARAR: Talet på køyrande som vart tekne av fotoboksane i Lærdalstunnelen auka i 2015 samanlikna med året før. Foto: Flickr/Kjell Jøran Hansen.
FARTSSYNDARAR: Talet på køyrande som vart tekne av fotoboksane i Lærdalstunnelen auka i 2015 samanlikna med året før. Foto: Flickr/Kjell Jøran Hansen.

Auke i fartssyndarar i verdas lengste tunnel

Mange let seg lure av målingane i Lærdalstunnelen.

Lærdal: I snart tre år har det vore automatisk trafikkontroll gjennom Lærdalstunnelen. Det betyr at snittfarten vert målt mellom to fotoboksar i kvar sin ende av tunnelen.

Det er det ikkje alle som får med seg og aukar difor farten når dei passerer den første fotoboksen. I 2015 var det 316 personar som gjorde nettopp det og blei teken, skriv Bergens Tidende.

Det er ein auke frå året før då 275 personar synda på farten. Samstundes er det nedgang i tal på førarkort som vart beslaglagt. Her gjekk det ned frå 11 til 6.

– Det er vanskeleg å seia kva folk gjer og ikkje gjer, men det er jo ein lang tunnel, og kanskje folk gløymer seg. Det kan vera éi forklaring, seier trafikkoordinator for politiet i Sogn og Fjordane Trond Hatlenes.

Til toppen