LÅGAST I LANDET: Årdal kommune er i år óg nedst på lista, og har dei lågaste kommunale avgiftene i landet.
LÅGAST I LANDET: Årdal kommune er i år óg nedst på lista, og har dei lågaste kommunale avgiftene i landet. (Foto: Arkiv)

Auke i kommunale avgifter, sjå kva kommunar som betalar mest og minst

I år som i tidlegare år tronar Årdal som den kommunen i landet med lågast kommunale avgifter. Det syner tal i frå SSB.

Sogn: Husstandar i kommunen betalar i gjennomsnitt 6050 kroner i kommunale avgifter i 2019. Det dekker renovasjon, feiing, vatn og avlaup. 

Kommunen med høgst avgifter i Indre Sogn er Leikanger med heile 14.219 kroner, som óg var på toppen i fjor. 

I Ytre Sogn har Gulen kommune høgst avgifter med heile 15.256 kroner. Høyanger kommune har 12.353 kroner. 

Sjå oversikta her:

Ifølgje tal frå Samfunnsøkonomisk Analyse vil dei kommunale avgiftene auka dei komande åra, skriv DinePenger.no. Dei neste åra er avgiftene spådd å auka med 4,5 prosent. 

I år er auken rekna til 5,1 prosent, som er godt over den generelle prisveksten i samfunnet. 

Innbyggjarane i Aurland må i 2019 betala 12,545 kroner i kommunale avgifter, opp heile 4739 kroner frå i fjor. 

Kommune

Kommunale avgifter

Tal 2018

Årdal

6 050

4 600

Lærdal

12 694

9 322

Aurland 

12 545

7806

Vik

13 903

10 005

Sogndal

12 215

9 818

Luster

14 219

10 743

Leikanger

14 743

12 183

Balestrand

11 900

8 071

Høyanger

12 353

11 532

Gulen

15 256

11 532

Til toppen