Årdal: Det er hovudutval for næring og kultur som har fordelt kronene til 110 anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i fylket.
Dette er ein auke på 9 millionar frå i fjor, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.
Fylkeskommunen har i tillegg arrangert kurs i søknadsskriving, noko som gir betre søknader og dermed meir tilskot frå Kulturdepartementet. Tal godkjende søknader har auka frå 70 prosent i 2014 til 99 prosent i 2016.
– Spelemidlar eit viktig bidrag
I år vart det søkt om drøye 191 millionar kroner, og du får full oversikt over prosjekta som er tildelt midlar her.
– Det målretta arbeidet frivillig sektor, kommunane og fylkeskommunen gjer i lag for å få fram relevante søknadar gjev verkeleg resultat, seier leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.
– Spelemidlane er eit viktig bidrag i arbeidet for at fleire kan vere fysisk aktive, i gode tilrettelagte område. Eg utfordrar dei som utviklar anlegga, som klatreparkar, sykkelløyper og fleirbrukshallar, til også å få til god bruk av dei framover, seier Hjelmeseter.