AUKE: Så langt i sommar har 37 menneske mista livet på norske vegar. Det er 13 fleire enn i same periode i fjor. Biletet er frå ei øving naudetatane hadde i Årdal. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
AUKE: Så langt i sommar har 37 menneske mista livet på norske vegar. Det er 13 fleire enn i same periode i fjor. Biletet er frå ei øving naudetatane hadde i Årdal. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Auke i talet på dødsulykker i sommartrafikken

Så langt i sommar har 37 menneske mista livet på norske vegar. Det er 13 fleire enn i same periode i fjor, men Statens vegvesen seier trenden likevel peikar i retning av sikrare vegar.

  • Endret

Indre Sogn: – Vi har inga direkte forklaring på den dramatiske forverringa, men vi registrerer at tendensen framleis er tydeleg: Det blir stadig sikrare på norske vegar, seier pressesjef Kjell Bjørn Vinje i Vegvesenet til NTB.

– Sjølv om vi opplever ein vond oppgang i år samanlikna med i fjor, så kan 2016 framleis bli eitt av åra med færrast omkomne i trafikken, held Vinje fram.

Dei førebelse tala til Statens vegvesen viser at 16 personar omkom i trafikken i juni, samanlikna med ni på same tid i fjor. I juli 2015 døydde 15 personar i trafikken, medan talet for i år viser 21 omkomne.

Trygg Trafikk seier det er for tidleg å trekkja nokon konklusjonar basert på tala i år.

– Det er likevel eit klart varsku at vi ser at ulykkene går opp att, seier distriktsleiar i Trygg Trafikk i Vestfold, Mette Magnussen til NTB.

Høg fart og meir trafikk på vegane blir nemnt som to av årsakene bak dødsulykkene i sommarmånadene. (©NPK)

Til toppen