HISTORIE: Dette symjebassenget må vike for eit flunkande nytt eitt. I tillegg blir garderobeanlegget oppgradert og eit nytt terapibasseng vil bli bygt. Foto: Arne Veum/arkiv. 
HISTORIE: Dette symjebassenget må vike for eit flunkande nytt eitt. I tillegg blir garderobeanlegget oppgradert og eit nytt terapibasseng vil bli bygt. Foto: Arne Veum/arkiv. 

Aurland byggjer basseng trass prissjokk

Det nye bassenget i Aurland vil koste nesten 19 millionar meir enn politikarane har forventa. Likevel seier dei ja til utbygginga.

Aurland: Etter planen skal det rehabiliterte bassenget opna i 2019.

– Eg håpar at byggjinga kjem i gang raskt og at det blir gjennomført på kortast mogleg tid. Det er utruleg viktig å ha eit skikkeleg basseng, seier ordførar Noralv Distad i Aurland.

VIKTIG INVESTERING: Bassenget vert dyrt, men er verdt det, meiner ordførar Noralv Distad.
VIKTIG INVESTERING: Bassenget vert dyrt, men er verdt det, meiner ordførar Noralv Distad.

Då kommunestyret torsdag skulle ta stilling til bassengbygginga vart dei konfrontert med ei forventa kostnad på 58,8 millionar kroner. Det er 18,8 millionar meir enn summen politikarane hadde sett av i økonomiplanen. Av dette må kommunen stå for 30,5 millionar, som dei vil finansiere gjennom lån.

Distad seier han fekk bakoversveis av summen, men at han aldri var i tvil om kva som var det rette å gjere.

– Me manglar framleis terapibad, eit tilbod som har vore sårt sakna, og symjebassenget er i svært dårleg stand. Difor fann eg og det store fleirtalet i kommunestyret ut at det likevel er rett at me må gjennomføra prosjektet, seier Distad.

Ordføraren legg likevel ikkje skjul på at kostnadssmellen vil legge press på økonomien til kommunen framover.

– Me veit at dette blir krevjande, for me må auka opp lånegjelda meir enn me hadde rekna med, samstundes som me har mange viktige investeringar framover. Det blir strenge prioriteringar framover, seier Distad, som legg til at dei vil sjå på om dei kan hente inn bidrag frå andre, ikkje minst frå reiselivet, for å betre finansieringa.

 
Til toppen