HER ER ÒG EIT MIDTPUNKT: Ordføraren i Aurland meiner det står bra til i kommunen, trass i låg ranking på SSB sin ferske «sentralitets-indeks» over landets kommunar.
HER ER ÒG EIT MIDTPUNKT: Ordføraren i Aurland meiner det står bra til i kommunen, trass i låg ranking på SSB sin ferske «sentralitets-indeks» over landets kommunar. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Aurland er den mest grissgrendte kommunen i Indre Sogn

Det viser ny studie frå Statistisk sentralbyrå. Men ordføraren i reiselivskommunen tek kåringa med fatning.

Aurland: Ordføraren i Aurland, Noralv Distad, småhumrar når han får høyre at Aurland er den mest grissgrendte kommunen i Indre Sogn i den ferske SSB-kåringa.

– Tvert i mot vil eg sei at Aurland er sentral, seier han. 

Aurland er i studien ranka som den 346. mest sentrale kommunen i landet. Dimed hamnar kommunen i den lågaste kategorien SSB-opererer med, kategori seks, i selskap med blant andre Lærdal. Sogndal er saman med Førde og Florø dei einaste kommunane i fylket i kategori fire.

– For å ta det på alvor, so er det ein realitet at me ikkje er sentrale, med dei vilkåra som er lagde til grunn i sentralitetsindeksen til SSB. Me har lange avstandar til nabokommunane, og det vert soleis lite pendling til arbeidsplassar utanfor kommunen, seier Distad.

Aurland trivst godt som midtpunkt

Avstandane gjer at Aurland i høg grad er avhengig av dei heilt lokale arbeidsplassane. Distad minner om at kommunen likevel er ganske sentral, om du ser på andre faktorar enn dei SSB har lagt til grunn i studien. 

– Me ligg langs E16, som har gode samband både til Oslo og Bergen. Og so har me jarnbanetilknytning til Bergensbanen med Flåmsbana. For ikkje å snakka om fylkesveg 50 til Hol, seier ordføraren. 

Ei heller når det gjeld den andre faktoren på «sentralitetsindeksen» til SSB, nemleg tenestetilbod i kommunen knytt til næringsliv, synest ordføraren at Aurland kjem so verst ut: 

– Sidan me er ein reiselivskommune som har fått i gang heilårsturisme, so har me eit ganske godt tilbod på daglegvarer og kafear på heilårsbasis. Tilbodet er betydeleg større enn innbyggjartalet i kommunen skulle tilseia, seier Distad. 

Han poengterer at geografien i kommunen er som den er, men at den ikkje berre er til hindring for at Aurland skal vera «sentral». Aurland kan òg vera eit midpunkt: 

– I staden for å lesa alt for mykje på SSB, so handlar me, seier Distad litt humoristisk.

Fakta om undersøkinga:

  • Statistisk sentralbyrå (SSB) har delt alle kommunane i landet inn i seks kategoriar i denne kåringa, og gjeve «sentralitetspoeng» til kvar av dei.
  • Det SSB har lagt til grunn når dei har gjeve sentralitetspoeng, er kor mange arbeidsplassar og tenester som finst i kommunane og i pendlardistanse opp til 90 minutt med bil frå befolkningssentera i kommunane.
  • Jo nærare arbeidsplassane og tenestene ligg opp til kommunen, jo fleire poeng får kommunen i kåringa. Ingen pendlardistanse i det heile gjev flest poeng.
  • Tenester som helse og utdanning vart ikkje tekne med i denne studien. Tenestene det er snakk om er typiske næringslivstenester som kino, butikk, kafé, etc. Sjukehuset i Lærdal hjelper soleis berre kommunen lite grann i kåringa. Det gjev ingen poeng i seg sjølv, men fører med seg arbeidsplassar, som gjev poeng i kåringa, og auka etterspurnad etter tenester.

Her er dei mest sentrale kommunane i Indre Sogn i kåringa:

1) Sogndal, 680 poeng, kategori 4. 2) Leikanger, 606 poeng, kategori 5. 3) Årdal, 588 poeng, kategori 5. 4) Luster, 567 poeng, kategori 5. 5) Lærdal, 539 poeng, kategori 6. 6) Aurland, 503 poeng, kategori 6.

* Landets minst sentrale kommune, Utsira, får 295 poeng i kåringa. Årdal er dimed omlag dobbelt so sentral som landets minst sentrale kommune, utifrå dataene til SSB å døma.

– Me er ein føregangskommune innan reiseliv

Den mest folkerike kommunen i landet, Oslo, kjem på fyrsteplass i kåringa. Og den minst folkerike kommunen i landet, Utsira ute i Nordsjøen vest for Karmøy, hamna på 422. og dimed sisteplass på lista over dei mest sentrale kommunane i landet.

På lista over grissgrendte kommunar på landsbasis, vert Utsira fylgd av øygruppe-kommunane Lurøy, Rødøy og Træna på dei neste botnplassane.

– I og med at me har teke høgd for pendletid, so kjem mange aude øykommunar langt bak, sidan det tek lang tid der å koma seg til arbeidsplassar i omkringliggjande kommunar, fortel Even Høydahl i SSB til Porten.no

Dette er ein del av grunnen til at Aurland er lengst ned på lista i Indre Sogn. Kommunen er som ei øy mellom mektige fjell og lange tunnellar, noko som fører til få attraktive arbeidsplassar i pendleavstand.

Ordførar Distad føler dei har mange andre kvalitetar som dei kompenserer med.

– Me har so mykje fantastisk å by på når det gjeld natur og opplevingar og me har eit veldig aktivt næringsliv. Me er ein føregangskommune innan reiseliv og det er mange andre kommunar som ser opp til oss, seier han.

Til toppen