HISSIG KAR: I 2011 var det lemenår over store deler av Noreg, og rundt 180 tilfelle av harepest registrert hos menneske, mot normalt 30–50 tilfelle.
HISSIG KAR: I 2011 var det lemenår over store deler av Noreg, og rundt 180 tilfelle av harepest registrert hos menneske, mot normalt 30–50 tilfelle. (Bilde: Håkon Mosvold Larsen/Scanpix)

Aurland er ikkje åleine om harepestutbrotet 

Andre stader i landet har fleire titals menneske blitt smitta.

Sogn: Hittil i år er det er registrert 23 tilfelle av harepest hos menneske i Noreg, og det er venta at talet vil stige.

Onsdag skreiv Sogn Avis om seks harar som var funne på Østerbø i Aurland. Alle hadde døydd av harpest og kommunelege Trygve Ness åtvara folk mot smittefaren. Ein fare Veterinærinstituttet òg understrekar.

Fakta om harepest:

  • Infeksjonssjukdom, bakteriesjukdom, som primært blir funne hos viltlevande dyr.
  • Særleg dødeleg for harar, derav namnet, og smågnagarar, men kan bli overført til menneske.
  • For menneske er den europeiske varianten av tularemi ikkje rekna å vere dødeleg, i motsetning til den amerikanske, der døyinga ubehandla kan vere opp til 20 prosent.
  • Symptom hos menneske er akutt feber, frysningar, hovudverk og trøyttleik. Smitta harar beveger seg tregt og bør ikkje bli slaktebehandla.
  • Bakterien er Francisella tularensis, som er svært smittsam og kan overleve lenge i vatn og gjørme.
  • * Smittar ofte via drikkevatn, for eksempel om døde mus eller lemen infiserer brønnar, bekker og andre vasskjelder.
  • * Blir også overført også gjennom direkte kontakt med sjuke eller døde dyr, gjennom konsum av smitta kjøtt, via mygg og flått og gjennom innanding av støv med bakteriar i støv.
  • * Hunder og kattar blir i lita grad råka av tularemi, men dei kan overføre smitte til menneske via slikking dersom dei nettopp har bite på eit sjukt eller dødt dyr.
  • I Noreg blir tularemi ofte diagnostisert hos hare, og dei fleste tilfella kjem på ettersommaren og om hausten.
  • Flest tilfelle i år med store smågnagerbestandar.

– Haredød er eit varsellys om at smitten finst og at menneske må vere ekstra merksame, særleg ved handtering av døde dyr i naturen og drikkevatn. Det er òg viktig at kommunelegane blir varsla om at menneske kan komme inn med symptom på harepest, slik at dei får riktig behandling, seier veterinær og viltpatolog Turid Vikøren ved Veterinærinstituttet til NTB.

Ubehagelege symptom

I oktober har dei registrert harepest hos døde harar i Agder og nordre del av Buskerud, i tillegg til Indre Sogn. I det siste kome inn harar frå to nye kommunar, men desse prøvene er ikkje ferdig analyserte enno. 

For menneske der den europeiske varianten av harepest sjeldan dødeleg. Symptoma er likevel ubehagelege: akutt feber, frysningar, hovudverk og trøyttleik.

No i influensatida er det ikkje harepest som står øvst på mistankelista når folk kjem inn med desse symptoma. Difor blir kommunelegane i dei aktuelle områda opplyst om smitterisikoen, slik at berørte får rett diagnose og behandling.

Ventar fleire

I Norge blir det kvart år registrert mellom 30 og 50 tilfelle av sjukdomen hos menneske.

– Så langt er det meldt 23 tilfelle i 2017. Det er på linje med tidlegare år. Det er ikkje overraskande om det blir rapportert fleire tilfelle i 2017, for vi ser vanlegvis flest tilfelle i haustperioden, seier seniorrådgjevar Emily MacDonald ved avdeling for smitte frå mat, vatn og dyr ved FHI.

Ut frå dataa som er tilgjengeleg no, er dei smitta personane busett i ulike fylke, og det er førebels ingen fylke med uvanleg auke i harepest hos menneske. Flest tilfelle så langt er rapportert i er Hedmark, med seks tilfelle, Oslo, med fem og Oppland, der fire personar har smitten.

PASS PÅ: Det ser ut til å vere smågnagerår over store deler av Sør-Noreg i år, og då er det viktig å handtere døde dyr rett for å unngå smitte til menneske.
PASS PÅ: Det ser ut til å vere smågnagerår over store deler av Sør-Noreg i år, og då er det viktig å handtere døde dyr rett for å unngå smitte til menneske. Foto: Berit Keilen/NTB scanpix

Smågnagarår aukar faren

Dei vanlegaste smittevegane er kontakt med sjuke eller døde dyr, eller inntak av udesinfisert drikkevatn. Auka smittefare fell ofte saman med såkalla smågnagarår, når det er registrert fleire lemen og mus i naturen. Førre toppår for smitte til menneske var i 2011, med rundt 180 tilfelle. Då hadde det òg vore ekstremt mykje lemen.

– Spreiingsfare er sjølvsagt avhengig av at dyr sjølv er smitteberarar, men det er auka risiko når bestanden av smågnagarar er stor og det er den fleire stader i Sør-Noreg i år, seier forskingssjef Erik Framstad hos Norsk institutt for naturforsking (NINA).

NINA har faste punkt i landet med feller der dei tel smågnagarar kvart år, og resultata frå dei har no begynt å kome inn.

– Det er blant anna mykje smågnagarar på Sør- og Sørvestlandet, frå Rogaland over til Telemark, seier Framstad.

Til toppen