DRAUMEPLASS: Troda 4H frå Davik i Bremanger var ein av Draumeplass-vinnarane i 2015, og har sidan laga denne fine plassen. Foto: Geir Aardalsbakke / 4H Sogn og Fjordane.
DRAUMEPLASS: Troda 4H frå Davik i Bremanger var ein av Draumeplass-vinnarane i 2015, og har sidan laga denne fine plassen. Foto: Geir Aardalsbakke / 4H Sogn og Fjordane.

Aurland får pengar til nye naturmøteplassar

Med 100.000 kroner i støtte kan fem lokalsamfunn i Sogn og Fjordane snart sjå fram til ein ny naturmøteplass i nærmiljøet. Eit av dei er Aurland.

Aurland: Dei fem lokalsamfunna Atløy, Bryggja, Stårheim, Aurland og Sunde i Førde har alle gått til topps i konkurransen "Draumeplassen".

Det er 4H Sogn og Fjordane og Gjensidigestiftelsen som står bak konkurransen. Takka vera gode søknader frå 4H-lag og andre organisasjonar i desse bygdene, får dei fem lokalsamfunna 100.000 kroner i støtte og praktisk prosjekthjelp til å byggja ein naturmøteplass i nærmiljøet.

– Naturmøteplassane skaper auka aktivitet i lokalsamfunna og får fleire ut i naturen. Dette er plassar som er opne for alle, og er kanskje spesielt viktige for unge og vaksne som ikkje er med på så mange aktivitetar, seier Hjørdis Vik frå gåvestyret i Gjensidigestiftelsen og medlem av juryen for Draumeplassen i ei pressemelding.

Rundt om i landet har det dei siste åra blitt mange naturmøteplassar i regi av 4H-klubbane i samarbeid med andre. Sogn og Fjordane toppar denne lista. Med dei siste fem nye draumeplassane eig 4H Sogn og Fjordane til saman femti naturmøteplassar.

(©NPK)

Til toppen