SNORKLYPP: Kristin Sønnerheim hadde sjølvsagt fått heidersplass då snora til Aurlandsdalen skulle klyppast.
SNORKLYPP: Kristin Sønnerheim hadde sjølvsagt fått heidersplass då snora til Aurlandsdalen skulle klyppast. (Foto: Aurland kommune)

Aurland har fått ei historisk vandrerute

Den 16.6 km lange turen gjennom Aurlandsdalen er den ellevte vandreruta i Norge, og blei offisielt opna på søndag.

Aurland: På søndag blei Aurlandsdalen offisielt opna som historisk vandrerute nummer elleve i Norge. Ved opninga var ein stolt ordførar Noralv Distad tilstades.

– Det er klart det er stor stas. Aurlandsdalen fortener meir enn nokon andre ruter denne statusen etter mi meining, seier han.

Statsråd og statssekretær til stades

  Foto: Aurland kommune

Han gjekk sjølv ein del av turen og var på plass under opningsseremonien ved Sinjarheim. Det var Ola Elvestuen, den nye klima- og miljøministeren, som fekk æra å klippa snorra.

I tillegg var statssekretær Atle Hamar og «Mor Aurlandsdalen», Kristin Sønnerheim, til stades. Sønnerheim har fått både Aurlandsprisen i 2013 og fylkesprisen i 2017 for jobben ho har gjort i Aurlandsdalen.

Les òg: Kristin Sønnerheim vann fylkeskulturprisen 2017

– Det har vore ein veldig lang tradisjon med fotturar gjennom Aurlandsdalen, I allefall i 200 år. Det spesielle er sjølvsagt naturen, men kanskje endå meir at ein går gjennom eit kultur- og historisklandskap. Der budde jo over 200 personar i dalen og mange av husa står endå, seier Distad.

Viktig for næringslivet

For kommunen er det stort å få ein slik status, både for alle dei som over lang tid har jobba i og med dalen på frivillegbasis og for næringslivet.

– Dette er allereie ein av dei største vandrerutene vi har, men vi vil gjerne at det kjem endå fleire. Dette er ein god marknadsføring for Aurlandsdalen og for bedriftene som driv med for eksempel overnatting. Det er tøft å drive i eit forholdsvis kort sesong, men eg trur det alt i alt vil bli fleire gjestar. Som vil gjera alt meir velfungerande og skapa større verdi.

Les òg: Fire nye historiske vandreruter kjem til neste år, ei av dei er i Jotunheimen

Til toppen