FORNØGD: Ordførar Noralv Distad er svært fornøgd med årets tal, men ser at det er viktig å fortsette arbeidet med å halde ned sjukefråværet.
FORNØGD: Ordførar Noralv Distad er svært fornøgd med årets tal, men ser at det er viktig å fortsette arbeidet med å halde ned sjukefråværet. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Aurland har lågast sjukefråvær i fylket

Mens sjukefråværet generelt sett har gått opp i landet, har Aurland tatt over første plassen over lågast fråvær i fylket.

Aurland:  Eg må gi honnør til dei som jobbar aktivt med desse problemstillingane rundt omkring i kommunen og private bedrifter, seier ordførar i Aurland Noralv Distad etter at Porten.no hadde fortalt han årets tal. 

I Sogn og Fjordane har sjukefråværet det siste året auka frå 4,8 til 5,1 prosent, også på landsbasis er det fleire sjukmeldte og auka frå 5,4 til 5,5 prosent i følgje tala NAV har komme ut med.

 

I 2016 var Balestrand den kommunen i Sogn og Fjordane som hadde lågast sjukemeldte. I år har dei hatt den største auken på heile 60 prosent. Aurland som også det året hadde låg sjukefråvær i kommunen gjekk i år ned frå 3,7 til 3,6 prosent. Dette gjer dei til ein klar leiar her i fylket då Gloppen er neste på lista med 4,1 prosent.

Må prioritere høgt

Noralv Distad, ordførar i Aurland, er fornøgd med tala, men ser at der er endå mykje ein må fortsette å jobbe med.

– Eg er svært fornøgd med dei tala vi har no. Dette er framleis noko me må prioritere høgt. Sjølv om dette er eit bra resultat er dette noko me må jobbe med kontinuerleg.

 – Det er viktig at vi har friske arbeidstakarar som er fornøgd med den arbeidsplassen dei har og trivast med kollegaene sine, fortel Distad om det som han meiner har gitt Aurland så låge tal.

Sjølv om kommunen har låg fråvær er ordføraren klar på at ein heile tida må fortsette arbeidet med å halde ned sjukefråværet.

– Totalt sett i kommunen har det vore lågt fråvær. Spesielt i private bedrifter, mens det har vore litt høgare i kommunen. No veit eg ikkje kva talet på fordelinga er i år. Vi veit at det er nokre bedrifter som har litt høgare fråvær. Det er viktig at ein heile tida jobbar med å halde fraværet nede, og sette inn tiltak for å få ned fråværet i dei bedriftene med høgare fråværsprosent. 

Til toppen