Aurland: Politidirektoratet vedtok tidlegare i månaden å slå saman lensmannsdistrikta Sogndal, Leikanger, Vik, Lærdal, Årdal, Luster og Aurland til Sogn lensmannsdistrikt.

Vedtaket innebar samstundes at Lærdal fekk behalde lensmannskontoret, medan Aurland og Årdal må leggje ned sine.
Les også: Politireforma: Dei er skuffa, men har ikkje gitt opp
Det siste halmstrået aurlendingane klamrar seg til er retten dei har til å klage på vedtaket. Den moglegheita bestemte politikarane seg torsdag for å gripe.
– Me meiner vedtaket er fatta på sviktande grunnlag, så me har absolutt klagegrunnlag, seier ordførar Noralv Distad.
– Kor stor er trua på at de skal få gjennomslag?
– Det er difor me klagar, fordi me vil ha gjennomslag. Me meiner me har ei god sak og eit rettkome krav, seier han.