– Aurland klarar seg godt åleine 

– Aurland klarar seg godt åleine 

Det meiner tidlegare varaordførar i kommunen, Erling Monrad Nesbø (Ap). 

Aurland: Sterke meiningar frå innbyggjarane i kommunen var delt under folkemøte om kommunesamanslåing på rådhuset denne veka. 

Les også: La fram dei to alternativa på folkemøte

– Dei som tok dei vanskelege avgjerslene om framtida til Aurland under kraftutbygginga hadde hatt det vondt om dei var klar over kva me er i ferd med å gjera, slik starta innlegget til Erling Monrad Nesbø under folkemøtet i Aurland. 

Sterke på mykje

Den tidlegare varaordføraren la stor vekt på kor sterke Aurland er på økonomi og samferdsel. 

– Kommunen står seg godt åleine. Me har mange arbeidsplassar både privat og kommunalt og turismen blomstra, sa Nesbø.

Han argumenterte med at vegen til Voss som er på sju mil, er stengt i lengre periodar, fleire gonger i løpet av eit år. 

Les også: No er Gudvangatunnelen opna for fri ferdsel

– Då det brann i Gudvangatunnelen var vegen stengt i vekevis. Denne vegen vart bygd for fleire tiår sidan og det er naturleg at det vil føregå mykje anleggsarbeid langs denne strekninga dei kommande åra. Då vert trafikken mellom Aurland og kommunesentret i Voss vanskeleg, sa Nesbø. 

Han påpeikar at Vik mest truleg ikkje vil bli med på ei samanslåing om dei får ein betre veg. I dag er vegen over Vikafjellet stengt sju til åtte månadar i året. 

Blir ikkje uglesett 

I Aurland har fleire aktørar kjempa for eir regulert område der ungdommar kan køyra snøscooter utan å bli uglesett. Dette har har dei også kjempe for på Voss i årevis, utan å fått til. 

– Takka vere grunneigarane i Aurland, kan ungdommane drive med motorsport utan å bli uglesett. I Voss derimot, er det mykje villkøyring. Her i Aurland får me ting til å skje, det får ikkje Voss eller Hol til, seier Nesbø som meiner heile saka med kommunesamanslåing burde roast ned. 

Han trur ikkje at tilbodet om å slå seg saman med andre kommunar er eit eingongtilbod frå staten. 

– Dette toget går ikkje i år. Det vil halda fram i fleire år framover.

I Voss og Vik betalar innbyggjarane eigedomsskatt. Det gjer dei ikkje i Aurland. 

– Konsekvensane av å slå seg saman kan bety at aurlendingar må byrja å betala denne skatten og levera frå oss alle kraftinntektene til Voss. Det blir berre meir og meir pendling frå Voss til Bergen. Eg fryktar at ein storkommune berre vil bli ein forstad til Bergen, seier Nesbø. 

Lite begeistra

Den tidlegare politikaren og fylkeslegen i Sogn og Fjordane, Arne Sunde, utrykte at han var lite begeistra over kommunereforma.

– Eg er ikkje begeistra for premissane for reforma. Det er heilt snudd på hovudet. Staten har lovd fleire oppgåver til dei kommunane som sler seg saman, men me har ikkje fått vita kva desse oppgåvene skal vera, sa Sunde. 

Den rette måten å gjere dette på, ifølgje Sunde, var at staten hadde opplyst om kva for nye oppgåver det var kommunane kunne få, for så å analysere seg fram til korleis desse på best mogleg måte kunne løysast. 

FEIL: Arne Sunde meiner premissane for kommunereforma er feil i utgangspunktet.
FEIL: Arne Sunde meiner premissane for kommunereforma er feil i utgangspunktet.

– Eg forstår heller ikkje korleis me skal kunne samarbeida med Voss og Vik når vegen til Vik er stengt stor deler av året. Vik må få seg ein heilårsveg dersom dette skal ha noko hensikt, seier Sunde. 

Usannsynleg med ambulanse 

I intensjonsavtalen mellom dei tre kommunane er det opna for å løysa oppgåver på tvers av kommunane, som til dømes lokalmedisinsk senter i Lærdal. 

Les også: – Kjenslene seier at Aurland burde stå åleine

– Om me går saman med Voss og kjem under Helse Bergen, er det lite sannsynleg at me vil få vår eigen ambulanse i Aurland. Det har me endå ikkje fått heller. Helse Bergen har lagt ned fleire ambulansar i småkommunar dei siste åra. Nokre av desse stadene er lengre vekke frå Haukeland Sjukehus enn det Aurland er i frå Voss, seier Sunde. 

Les også: «Verkar som staten pressar kommunane utan forklaring»

Han meiner legevaktordninga mellom Lærdal og Aurland fungera bra. Det same gjer sjukehuset i nabobygda. 

– Me kjem uansett i mindretal i ein ny storkommune. Det nye kommunestyre vil ikkje bli til vår fordel. Eg ser ingen andre moglegheiter enn at me må halda fram åleine, avsluttar han. 

Ordførar Noralv Distad påpeikar at det er moglegheit for at Aurland får halda fram med legevakt ved ei eventuell samanslåing med Voss og Vik. 

I tillegg til dei 40 personane som møtte opp, såg 150 stykkjer direkte videosending frå folkemøte måndag 9. mai. 

Til toppen