SLÅR SEG SAMAN: Aurland Ressursutvikling skal slåast saman med Myrkdalen Fjellandsby.
SLÅR SEG SAMAN: Aurland Ressursutvikling skal slåast saman med Myrkdalen Fjellandsby. (Illustrasjon: Norconsult/Arkiv)

Aurland Ressursutvikling og Myrkdalen Fjellandsby slår seg saman

Dei skal etablera ein av Noregs største reiselivsaktørar, det kjem fram i ei pressemelding.

Aurland: Aurland Ressursutvikling og Myrkdalen Fjellandsby slår seg saman. Det fusjonerte selskapet blir ein av Noregs største reiselivsaktørar, med ein årleg omsetnad på 1 milliard kroner for alle tilknytte selskap, 500 heilårs- og deltidstilsette og meir enn 1,2 millionar gjester i året.

Selskapet planlegg å vekse vidare etter koronakrisa.

– Samanslåinga er ein perfekt kombinasjon, som det er jobba med over lengre tid. Flåm er eit av verdas mest populære reisemål, med Flåmsbana og vakre Nærøyfjorden som hovudattraksjonar. Flåm har flest besøkande i sommarsesongen. Myrkdalen er ein populær vinterdestinasjon, med ein klar utviklingsstrategi innanfor det aktive heilårssegmentet, seier Solrun Hjelleflat, konsernsjef i Aurland Ressursutvikling.

SLÅR SAMAN: Solrun Hjelleflat, konsernsjef i Aurland Ressursutvikling og Kaia Finne, administrerande direktør i Myrkdalen Fjellandsby. Foto: Pressefoto

Ytterlegare industrialisering av reiselivet i Noreg 

Hjelleflat vil halde fram som konsernsjef i det fusjonerte selskapet. Gjennom fusjonen vert det etablert ein nasjonal reiselivsaktør, med sterk regional forankring og mål om å vere motor i ei ytterlegare industrialisering av reiselivet i Noreg.

– Ein slik sterkare eigarintegrasjon er heilt naturleg for å bygge eit solid selskap som står endå sterkare i ein internasjonal marknad. Vi etablerer no ein tydeleg, heilårs reiselivsaktør, som let turistane få oppleve noko av det beste Noreg kan by på; fjord og fjell, sommar og vinter, seier Egil Svoren, styreleiar i Myrkdalen Fjellandsby AS og administrerande direktør i Schage Eiendom.

Schage Eiendom var ein av initiativtakarane til etablering av Myrkdalen Fjellandsby AS på slutten av 1990-talet, og har sidan då vore hovudeigar og pådrivar for over tre milliardar kroner i investeringar i hytter, hotell og infrastruktur.

Hardt råka av koronakrisa 

Både Aurland Ressursutvikling AS og Myrkdalen Fjellandsby AS er hardt råka av koronakrisa. Begge selskapa har måtte permittere dei fleste tilsette grunna brå inntektssvikt. Men med svært solide og langsiktige eigarar har selskapet eit sterkt fundament for å halde fram si offensive satsing når unntakstilstanden er over.

– Vi skal vere klare til å skyte fart når samfunnet vert normalisert, og folk flest byrjar å planlegge reisene sine att. Etter denne krisa trur vi at Noreg vil stå fram som eit endå meir attraktivt reisemål. Då vil vi stille veldig sterkt i kampen for å lokke til oss turistane, seier styreleiar Sverre S. Tysland i Aurland Ressursutvikling.

Selskapet er etter fusjonen verdsett til mellom 1,5 og 2 milliardar kroner. Eigarstrukturen i Aurland Ressursutvikling vil etter samanslåinga sjå slik ut: Siva Eiendom Holding (36,5 %), Aurland Eige (30,8 %), Schage Eiendom (23,0 %) og Sogn Sparebank (9,7 %).

Til toppen