FJORDSYN: Aurland Ressursutvikling, og dotterselskapa The Fjords og Flåm AS, opplever gode økonomiske tider.
FJORDSYN: Aurland Ressursutvikling, og dotterselskapa The Fjords og Flåm AS, opplever gode økonomiske tider. (Bilde: Sverre Hjørnevik/Flåm AS)

Aurland Ressursutvikling melder om historisk vekst i Flåm

Reiselivs- og destinasjonsselskapet har så langt i år hatt ei auke i omsetnaden på nesten femti millionar eller 28 prosent frå i fjor.

Aurland: I andre tertial i 2017, frå mai og ut august, hadde Aurland Ressursutvikling ein omsetnad på 163,3 millionar kroner. Det er 35,2 millionar kroner meir enn i same periode i fjor. Den samla omsetnaden fram til 31. august i år er på 176,7 millionar kroner, ein vekst på 28 prosent frå i fjor.

– Det har aldri vore så god butikk i Flåm som vi har no, seier Solrun Hjelleflat, konsernsjef i Aurland Ressursutvikling, i ei pressemelding.

Bestillingane aukar utanom høgsesongen

Veksten i omsetnaden kjem av det aukande talet besøkande som nyttar Flåm sine aktivitetar, i tillegg til ei auke i innteninga per enkelt reisande, skriv selskapet. 

Aurland ressursutvikling, som er eigd av kommunen, SIVA og Aurland Sparebank, jobbar for å utvikle Flåm som reisemål. Å løfte vinteren har vore eitt viktig satsingsområde. Det skal ha gitt gode resultat, ifølgje pressemeldinga:

– Det er ei stor glede for oss å sjå at bestillingar ut året har vakse med 75 prosent samanlikna med same tid i fjor. Men her står det igjen eit stort arbeid før dette blir god butikk, seier konsernsjefen.

Arbeidet ho snakkar om skape aktivitetar og gode opplevingar for gjestane under besøket:

«Future of the Fjords» klar til våren

– Dei vil både ta tog, oppleve fjorden, oppleve spektakulære utsiktspunkt, ete god mat og smake på lokalt øl. Dess fleire tilbod vi har, dess større blir attraksjonen. Her er det fleire pågåande initiativ lokalt. Vikinglandsbyen i Gudvangen er eit flott tilskot, i tillegg til at det er fleire spennande prosjekt på gang både på Vatnahalsen og Aurlandsvangen, seier Hjelleflat.

Eit anna satsingsområde er berekraftig reiseliv, tilrettelegging for at auken i talet besøkande ikkje vert belastande for lokalsamfunnet og utvikling av miljøvennlege opplevingar. Her blir den heilelektriske båten «Future of the Fjords», som vil stå klar våren 2018, trekt fram som eit godt eksempel.

– Vi har òg eit godt samarbeid med Aurland kommune om tilsetjing av ny prosjektleiar som skal jobba med ulike moglegheiter innanfor energi og miljø, seier Hjelleflat.

Til toppen