INTENSJONSAVTALE: Aurland, Vik og Voss har inngått ein intensjonsavtale om å slå seg saman. Det blei klart måndag. Foto: Mapbox.
INTENSJONSAVTALE: Aurland, Vik og Voss har inngått ein intensjonsavtale om å slå seg saman. Det blei klart måndag. Foto: Mapbox.

Aurland samd om intensjonsavtale med Voss og Vik

Det betyr at døra er heilt stengt for Årdal og Lærdal.

Årdal/Lærdal: Det var ikkje uventa, men døra stod likevel bittelitt på gløtt for Årdal og Lærdal sin del etter at dei vart avvist av Aurland førre måndag.

Måndag var aurlendingane samde om ein intensjonsavtale med Voss og Vik som innbyggjarane må ta stilling til. I så fall vert kommunesenteret flytta til Voss, som blir namnet på kommunen, og Vik og Aurland går inn i Hordaland fylkeskommune.

– Dette er det einaste reelle alternativet til samanslåing for min kommune, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland til NRK.

Blei avvist

Førre måndag var han invitert til Lærdal for å diskutere moglegheitene for ei samanslåing av Årdal, Lærdal og Aurland. Dei to førstnemnde har kommunestyrevedtak på å få dette alternativet drøfta.

To timar varte møtet mellom forhandlingsutvala, så gjekk dei kvar til sitt. Distad var då klar på at ei slik samanslåing vil gi ein for liten kommune. Verken Arild Ingar Lægreid (Ap) i Årdal eller Jan Geir Solheim (Sp) var særleg overraska over det utfallet.

Samstundes vart det bestemt at dei tre skulle møtast att fredag denne veka. I dag samarbeider dei tre kommunane om fleire kommunale tenester, og det er nettopp dette som skal drøftast. Dette møtet blir det no neppe noko av.

Samarbeider med Aurland i dag

Då Porten.no spurte Solheim førre veke om det var fare for at eit slikt samarbeid ryk dersom Aurland går saman med Voss og Vik, svarte Solheim:

– Aurland sa ingenting klart om det. Då blir situasjonen ein annan. Ta til dømes sjukehustenesta. Vil aurlendingane då reise til Voss eller Lærdal? Lærdal er nærast, men kva vil Voss seie om det? Det er mange ting som er uavklart, og dei er til dømes med og betalar for lokalmedisinsk senter, svarar Solheim.

Årdal og Lærdal ser no ut til å måtte stå åleine, som også var eit alternativ i kommunestyrevedtaket. Dersom andre alternativ, som til dømes Vang, skal drøftast, må dette først handsamast i kommunestyret. Dette blir det neppe tid til før fristen går ut 1. juli i sommar. 

Til toppen