LITEN NEDGANG: I Lærdal har det vore ein liten nedgang i folkeveksten dei siste fem åra. Foto: Arkiv. 
LITEN NEDGANG: I Lærdal har det vore ein liten nedgang i folkeveksten dei siste fem åra. Foto: Arkiv. 

Aurland størst og Årdal minst på folkevekst

Dei siste 20 åra har det vore ein total folkevekst på 1,7 prosent. Talet er ganske så lågt sett i nasjonal samanheng. 

Sogn: Den vesle kommunen Aurland hadde ein folkevekst på 16 personar i første kvartal i år.

Årdal opplevde derimot den største fråflyttinga i dei fire kommunane i Indre Sogn, med ein nedgang på minus 11. 

For ein fullstendig oversikt over tala, sjå tabell på SSB. 

Sogndal får veksttilskot

Tala for første kvartal 2016 viser at vi vart 0,085 prosent fleire fjogningar, skriv Fylkesmannen på sine nettsider

Sogn og Fjordane ligg som nr. 11 av 19 av fylka i prosentvis vekst, og faktisk hårfint over Vestfold.

– Sogndal er den einaste kommunen i Sogn og Fjordane som har hatt ein vekst på over 1,4 prosent dei siste tre år. Dette gjer at dei får veksttilskot, seier Martin Kulild i Fylkesmannen. 

I 2011 hadde Sogndal 7160 innbyggjarar, medan i år var talet steget til 7839. 

– Regionen rundt Sogndal og Førde er dei som har hatt størst vekst i fylket dei siste åra, forklarar Kulild. 

Gått ned i Lærdal og Årdal

I 2011 budde det 5601 personar i Årdal kommune, i 2016 hadde talet på innbyggjarar gått ned til 5359. 

– Det er mange kommunar som har hatt ein reduksjon over tid. Ofte er det litt tilfeldig. Men ser ein fem år i strekk, så er det ganske interessant, seier Kulild. 

I Lærdal var det registrert 2224 innbyggjarar i 2011 og 2172 i 2016. 

– Det har gått litt ned i Lærdal, men det er likevel stabilt, seier Kulild. 

Aurland gjer det best på folkevekst. I 2011 budde det 1689 personar i kommunen. På fem år hadde talet steget til 1764. 

 

Til toppen