EIN SMULE STOLTE: Elevbedrifta Smula frå Aurland fekk to prisar under entreprenørskapsmessa i Høyanger torsdag. På biletet: Sara Karlsen Høydal, Jon Ohnstad, Sara Tønnessen, Monica Hylland Hjellum og Silje Immel Slettestøl. Foto: privat.

Aurland vart trippel prisvinnar på gründermessa

Imponerande innsats av unge entreprenørar frå barne- og ungdomsskulen.

Høyanger/Aurland: Torsdag vart det arrangert entreprenørskapsmesse i Høyanger. Aurland barne- og ungdomsskule stakk av med heile tre av seks prisar. 

FULL UTTELLING: Elevbedrifta Hæ? var med på å gjere entreprenørskapsmessa i Høyanger til reine parademarsjen for skulen i Aurland.
FULL UTTELLING: Elevbedrifta Hæ? var med på å gjere entreprenørskapsmessa i Høyanger til reine parademarsjen for skulen i Aurland.

Elevbedrifta Hæ? fekk pris for beste nærmiljø/lokalsamfunnsprosjekt, medan elevbedrifta Smula fekk to prisar for beste klima- og miljøtiltak og beste elevbedrift.

– Me er veldig stolte. Me har jobba veldig hardt og dette er eit bevis på at me har lukkast med den jobben me har gjort, seier Silje Immel Slettestøl i Smula.

Les også: Topplassering og nestenmøte med «kronpen»

Elevbedrifta har samarbeida med den lokale Spar-butikken om å finne nye måtar å bruke brød som er på veg til kasta. Resultatet har blitt brødkrutongar, toast og arme riddarar, varer dei har selt både på skulen og på stand i sentrum.

Immel Slettesltøl tykkjer det var koseleg på messa, der ho fekk sjå mange kreative standar med idear dei sjølve ikkje hadde drøymt om. Difor var det ekstra kjekt å vinne. 

– Det var veldig heilt uventa og veldig kjekt. Men me følte det var fortent, me har jobba veldig hardt for det.

Som sagt var det ikkje berre Smula som utmerka seg frå Aurland. Elevbedrifta Hæ?, med elevane Ådne Tangen Aarskog, Sam Gramberg og Thomas Dimmen Grindheim, tok altså òg med seg premie for arbeidet med å ta vare på lokale ord og uttrykk frå heimkommunen.

Til toppen