SØKAR MIDLAR: Aurland kommune har søkt om midlar til å byggja landstraumsanlegg i cruisehamna får å  stogga oljefyring medan skipa ligg til kai.
SØKAR MIDLAR: Aurland kommune har søkt om midlar til å byggja landstraumsanlegg i cruisehamna får å stogga oljefyring medan skipa ligg til kai. (Foto: Arkiv)

Aurland krev pengar til å senka utslepp frå cruiseskip i norske fjordar

Aurland kommune ber Klima- og miljødepartementet setje av midlar til å bygga landstraumsanlegg i norske cruisehamner.

Aurland: – Skal me nå målsetjinga om å nå låg-utslepp, eller null-utslepp, er me heilt avhengige av at det er landstraumsanlegg og at skipa ikkje blir drifta medan det ligg til kai med oljefyring.

Kommunen ber Klima- og miljødepartementet om å setja av nok midlar til å byggja landstraumsanlegg i cruisehamnene. NRK var fyrst til å omtale saka. 

Aurland hamnevesen KF hadde saman med miljøstiftinga Bellona planane for landstraumsanlegget klare allereie i 2016, men fekk avslag frå Enova. 

Grunnen var at sjølv om anlegget var teknisk godkjent, så var kostnaden for stor i forhold til utbytteeffekten, seier Noralv Distad, ordførar i Aurland. 

Naudsynt for lågare utslepp

Medan cruiseskipa ligg til kai, slepp dei ut eit fleirtal av miljøgassar. På 8 timar kan eit cruiseskip sleppe ut like mykje NOx-gass som 13.000 bilar gjer på ein heil dag, sjølv om skipet ligg heilt i ro.

Straum frå land kan kutta utsleppa, men ingen norske hamner har landstraumsanlegg for cruiseskip.

Dette trass i at Stortinget, under revisjon av sommar-budsjettet i 2017, vedtok at det skulle leggast til rette for utvikling av landstraumsanlegg ifølgje Distad.

– Skal me nå målsetjinga om å nå lågutslepp, eller nullutslepp, er me heilt avhengige av at det er landstraumsanlegg og at skipa ikkje blir drifta medan det ligg til kai med oljefyring.

– Difor er det viktig at me gjer ei klar melding til Klima og miljødepartementet om at dei må setje av nok midlar, og at det blir presisert at det skal anlegga vert lagt til rette så raskt som råd, seier han.

Til toppen