STÅ ÅLEINE: Torsdag diskuterte kommunestyret i Aurland alternative løysingar for framtida. Dei fleste var samde om eit kommunen ønskjer å stå åleine. Foto: Aurland kommune TV
STÅ ÅLEINE: Torsdag diskuterte kommunestyret i Aurland alternative løysingar for framtida. Dei fleste var samde om eit kommunen ønskjer å stå åleine. Foto: Aurland kommune TV

Aurland vil ikkje slåast saman med Årdal og Lærdal

Under torsdagens kommunestyremøte vart det diskutert fleire moglege løysingar for samarbeid og intensjonsavtalar med nabokommunane.
 

Aurland: Kommunestyret vedtok det samla framlegget til Arbeidarpartiet og Høgre om at formannskapet skal sjå på grunnlaget for intensjonsavtalar i med både Vik-Voss og Lærdal-Årdal. Det skal også vurderast om kommunen kan stå åleine.

Det kom tydeleg fram at dei fleste partia ønskte at Aurland skal halde fram som eigen kommune, men at villig til å sjå på løysingar for tettare samarbeid med Årdal og Lærdal.  

Om ei kommunesamanslåing skulle verta aktuell, er alternativet Aurland-Voss-Vik, det alternativet som var å foretrekke.

Alle partia var samde om at det var innbyggarane sine interesser som stod i fokus. I apil skal det vera folkerøystinga i Aurland - og då det er opp til aurlendingane kva løysing dei vil ha for framtida.

Les også: No avventar dei vedtak i Aurland

To alternativ

Ap og Høgre har to hovudalternativ. Det eine er å sjå på grunnlaget for ein intensjonsavtale om kommunesamanslåing mellom Aurland, Lærdal og Årdal eller Aurland, Voss og Vik. Den andre alternativet er å halde fram som eigen kommune.

- Eg har konstatert med at det er stor vilje for å halda from som eigen kommune, både frå politikarane og befolkninga i Aurland,  sa Noralv Distad (H), ordførar i kommunen.

Han meiner det burde vektleggjast kva føresetnader kommunen har for å halde fram åleine.

- Aurland er ein stor kommune geografisk sett og det er lange avstandar til dei store sentruma. Dei nye inntektssystema inneber ingen ulempe for Aurland. I dag får ikkje vi statstilskot slik som mange av dei andre kommunane i Sogn gjer, nettopp fordi vi har gode inntekter. Om vi slår oss saman med andre kommunar, vil dei verdiane i våre geografiske område bli overført til dei nye kommunesentruma. Det å stå åleine er eit sterkt alternativ, seier Distad.

Les også: Sogndal: – Det vart for detaljert

Folkerøysting i april

Det skal vere ei folkerøysting i Aurland der befolkninga skal røyste over kva dei meiner er det beste alternativet for kommunen.

- Veljarane må ha alternativ. Det viktigaste er at den løysinga vi går for, er til det beste for innbyggjarane sine interesser, seie Distad.

Årdal vil forhandle

Aurland kommune fekk før kommunestyret eit skriv frå ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, om ein førespurnad om det er grunnlag for å gå i forhandlingar. 

Aurland har ikkje delteke i drøftingane om ein storkommune i Sogn. Desse drøftingane vart brote då Sogndal og Vik valde å trekkje seg.

- Tida er inne for å møte dei andre kommunane og drøfte samarbeid. Dette vil skapa eit godt grunnlag for folkerøystinga i april, seier Anita Lærum (Ap).

- Dette er den største saka vi har hatt på mange tiår. Vi må behandla den valdsamt grundig slik at innbyggjarane kjenner fakta og konsekvensane. Det er deira interesser som står i sentrum.  Det er viktig at vi har god dialog med kommunane som kan vera aktuelle for å slåast saman med, seier Monica Finden (H).

Ho ønskjer at formannskapet skal sjå på grunnlaget for ein intensjonsavtale med kommunane i Sogn (Lærdal og Årdal) og Vik og Voss. Formannskapet skal møte dei aktuelle kommunane og gjera ei eiga, fortløpande vurdering om det er grunnlag for ein intensjonsavtale. Alternativt, sjå om ein kan styrka samarbeidet med nabokommunane om Aurland vel å stå åleine.

Vil utarbeida to intensjonsavtalar

Venstre ønskjer å sjå på moglegheitene for intensjonsavtale med både Vik og Voss – og Lærdal og Årdal med bakgrunn frå ein rapport frå Telemarksforskning.

- Då vil vi få eir konkret forhandlingsgrunnlag. På folkemåte var det klare signal på alt folk ville at eit grundigare fundament når dei skal stemme, seier Terje Horvei (V).

Han peikar på at befolkningsgrunnlaget til Aurland, Lærdal og Årdal er for lite.

- Vi må ikkje stilla oss i ein situasjon der vi blir avhengig av andre. Eg trur vi har kompetansen til å klara oss sjølve, seier han.

- Verda vil gå vidare uansett

Ivar Bjarne Underdal (Sp) meiner det viktigaste spørsmålet ein må få svar på er om ei kommunesamanslåing vil svekkje eller stryke Aurland.

- Anten kan vi tru på grunnverdiane våre, eller så kan vi handla taktisk. Det kokar ned til kor vi plassera tyngdepunktet mellom rasjonalitet og identitet. Det finst tre analysar som seier at verda vil gå vidare uansett kva vi bestemmer oss for, seier han.

Han meiner kommunen er avhengig av interkommunalt samarbeid med naboane om Aurland vel å stå på eigne bein.

- Om vi slår oss saman med nokon, vil ikkje det vere like lett med interkommunalt arbeid som før. Det store fleirtalet i Aurland vil halde fram åleine. Vi er ein sparande kommune med gode tenester og framsnakking, konstatera Underdal.  

Senterpartiet presenterte eit framlegg om å stå åleine og styrkja samarbeid med Årdal og Lærdal. Dette vart nedstemt med 4 for og 13 mot.

Vil ha samarbeidsavtale med naboane

Senterpartiet i Aurland ønskjer eit omfattande samarbeid med Lærdal og Årdal i framtida. Om kommunen skal slåast saman må det derimot bli med Voss og Vik.

- Slik vi ser det er Aurland-Vik-Voss det einaste samanslåingsprosjektet som fungera for oss. Det er den vegen interessene våre ligg. Vi har moglegheita til å slå oss saman med Årdal og Lærdal, men for oss, er det ikkje aktuelt. Talet på innbyggjarar blir for lite til at den samla kommunen kan ta på seg nye oppgåver. Det vil ikkje fungera, seier Ingrid Steine Bortne (Sp).

Ho meiner Aurland har grunnlag for å fortsetje som eigen kommune med tettare samarbeid med Årdal og Lærdal.

Det neste kommunestyret er 10. mars og kommunen må ha eit vedteken vedtak klart til slutten av juni. 

 

Til toppen