KLAR FOR OPNING: Fredag morgon kan du endeleg ta turen over Aurlandsfjellet på fylkesveg 243 mellom Aurland og Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving
KLAR FOR OPNING: Fredag morgon kan du endeleg ta turen over Aurlandsfjellet på fylkesveg 243 mellom Aurland og Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving

Aurlandsfjellet opnar fredag

Fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet er venta å opne fredag morgon klokka ni.

Statens vegvesen gjorde torsdag føremiddag ei ny vurdering av når ein kan opne den vinterstengte fylkesvegen mellom Aurland og Lærdal. På Statens vegvesen sine nettsider er tidpunktet for opning sett til klokka 9, fredag 12. juni. 

Aurlandsvegen har status som Nasjonal turistveg og er eit attraktivt reisemål. Ver også merksam på at vel tre mil av vegen er heilt utan mobildekning. 

Les også: Her har du ikkje mobildekning

Tidlegare denne veka var Porten.no på plass på den såkalla Snøvegen, som vart fresa for snø for å bli klar til opninga.

Les også: Full fres på Snøvegen

Til toppen