Årdal: Tidlegare denne veka møtte ordførar Noralv Distad (H) med ungdomsskulelærarar som underviser i trafikkvalfag under Trygg trafikk si nettverkssamling i Årdal, kor han gav dei promillebrille.
Distad er leiar i fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU), og gav brillene for bruk i trafikkundervisninga.
Dei gjev nemleg eit realistisk bilete på korleis oppfatting- og reaksjonsevnene vert svekka dersom ein køyrer i rusa tilstand.
Har kjøpt inn 20 promillebriller
Han fortalde kor viktig opplæring og haldningsskapande arbeid er.
– Arbeidet som vert gjort på skulane er avgjerande, sa han.
FTU skal bruka om lag 50.000 kroner på virtuelle hjelpemiddel i trafikkopplæringa, og det er kjøpt inn 20 sett med promillebriller.