DEBUTERER: Haakon Skjerdal (t.h.) debuterer som skjønnlitterær forfattar denne månaden, med ein roman bygd på eit segn han høyrde som gutunge. Til høgre: An-Magritt Lindtner, dagleg leiar på Skaldegarden, der boksleppet skal finne stad seinare denne månaden

Aurlending debuterer med historisk, dramatisk roman

Som gutunge vart han fengsla av lokalt segn ved kveldsbålet heime på stølen, etter å ha gått av med pensjon har han skrive roman basert på same segnet

Aurland: – Heilt sidan eg var liten gutunge, og høyrde segnet om karen som på 1700- eller 1800-talet laut rømme her frå garden og opp i fjellet, for at folket i bygdene omkring ikkje skulle slå han i hel, har eg vore bergteken av forteljinga, fortel Haakon Skjerdal.

Den 69 år gamle forfattardebutanten har lenge hatt ein draum om å skrive ein roman som tek utgangspunkt i denne segna.

– Døtrene mine sa til meg at «no er du pensjonist, no får du begynne å skrive på den boka», humrar Skjerdal, og soleis var det berre for den gamle skulelæraren å gyve laus på bokprosjektet. 

Romanen heiter «Fredlaus under Blåskavlen». Den handlar om Egil sin kamp for å overleve i fjella, kjærleiken mellom Egil og Aslaug, og Aslaug som ynskjer å hjelpe den ho elskar, sjølv om denne er lyst fredlaus. Boksleppet skjer dagen før dei Nynorske litteraturdagane vert sparka i gang seinare denne månaden, på låni (den gamle loven) i Skaldegard i Aurland. Sleppet vert soleis ein uoffisiell start på litteraturfestivalen, ein festival som Skjerdal sjølv har vore aktivt med på å arrangere i ei årrekkje. 

Låni på Skaldegard i Skjerdal ligg i just det landskapet der handlinga i romanen går føre seg. Derifrå er det nesten mogleg å sjå like til den hòla som den dag i dag ber namnet «Kjetilsonhòla», ikkje berre på folkemunne, men også i kartverket. Dette er ein av stadene der den fredlause husmannssonen etter segnet søkte ly dei åra han livberga seg ute i villmarka.

Segnet er gamalt, men også forfattaren sjølv vaks opp i ei svunnen tid

– Då eg var liten innebar skumringstimen meir enn berre det at sola hadde gått ned og mørkret var på veg. Det var den timen då det var for mørkt ute til at vi kunne gjere ymse arbeid, men likevel ikkje ljost nok til at vi spanderte parafin til parafinlampa, fortel Skjerdal.

Og den timen hende det ofte at Skjerdal og syskena hans sat ikring vedomnen i stølsrommet i selet, og far fortalde segner og forteljingar om levd liv, medan elden spraka.  

Er det slik at noko av denne forteljartradisjonen gjekk tapt når alle fekk straum i husa sine? 

— Det kan faktisk vere tilfelle, at denne naturlege samlingstimen forsvann litt bort på grunn av elektrisiteten. 

Har henta inspirasjon frå eige liv

Han har gjord seg nytte av eigne livsrøynsler i arbeidet med romanen. 

– Alle har vi opplevd og kjenner til kjærleiken, og soleis kunne eg førestille meg korleis Egil og Aslaug har hatt det, seier Skjerdal. 

Den audmjuke barndomen hans, i pakt med naturen, gjorde det kanskje òg lettare å leve seg inn i hovudpersonen sine tankar.

Skjerdal vaks opp på eit lite geitebruk, med ni sysken. Han var den sjuande sonen i rekka, og har òg to mindre brør og ei veslesøster, slik at dei var ni gutar og ei jente i syskenflokken.

– Eg hadde ein fin barndom, seier Skjerdal, – i pakt med naturen. 

Som liten gut hjelpte han til med å fiske etter aure i fjellvatnet, og alt som fjortenåring byrja han å jakte.

– Når eg er på jakt eller driv med fjellfiske, så er eg i det elementet fullt og heilt, og kjenner meg i eitt med naturen. Autentiske naturopplevingar har ikkje endra seg gjennom hundreåra. 

I jakt og fiske i villmarka er det den same spennande kampen mellom mennesket og bytedyret som det var på Egil si tid og til alle tider. Slik sett er romanen også ei skikkeleg jakt- og villmarksforteljing, om kampen mellom jeger og bytedyr, men òg om samspelet mellom jeger og bytedyr, og den respekten og ovundringa jegeren kjenner andsynes dyret som han skal felle, som har levd sitt liv, og som no skal gje liv.

– Fisken oppi fjellvatna er heller ikkje lett å fange. Du lyt smyge deg inn til vatnet, utan at den årvakne fisken oppdagar deg, seier Skjerdal.

Han fortel at det er som om fjellfisken er klokare og meir var enn fisken i låglandsterreng, og at den som skal fiske han verkeleg lyt leggje seg i selen for å overmanne han. Dette er noko Egil Kjetilson også har erfart, så klart. 

Handlinga har klassisk islandsk ættesoge-drag ved seg

I skuleverket har Skjerdal undervist elevane i dei gamle islandske ættesogene, og det er nokre parallelar i handlingsgangen mellom romanen hans «Fredlaus under Blåskavlen» og den islandske ættesoga «Gisle Surssons saga». Men der dei islandske ættesogene byggjer so tett som råd på historia slik folk har fortald henne i detalj frå generasjon til generasjon mellom 900-talet og 1200-talet, har Skjerdal måtte dikte mesteparten av handlinga i si historia sjølv, for segnet som han fekk fortald som gutunge var heilt stutt og utan mange detaljar: 

Ein rik bondeson var forelska i ei bondedotter, Aslaug, og fridde til henne, men vart avvist, ettersom Aslaug hadde fattigguten Egil Kjetilson kjær. Når desse to så skal få kvarandre ein bryllaupskveld, kastar den svartsjuke, ovdrukne storbondesonen seg laus på Egil. Egil kjempar i mot, og storbondesonen døyr. Egil vert skulda for mord, lyst fredlaus, og flyktar opp i fjellheimen. Den som så hjelper Egil med mat eller anna, gjer seg skuldig i brotsverk, og vil verte straffa for det.

So var det opp til Skjerdal i romanen sin, å fortelje i detalj korleis alt dette gjekk til, og korleis kjærleikshistoria mellom Aslaug og Egil vidare spela seg ut. 

 

Til toppen