VEKKE: Tom Karlsrud (til høgre) bur i Aurland og har studio i Lærdal. Trekkspelet du ser på biletet fekk han spesialbestilt for sju år sidan, men er no vekke. Her er han i samspel med Håkon Høgemo frå Øvre Årdal før Førdefestivalen i 2017. Foto: Pressefoto. 
VEKKE: Tom Karlsrud (til høgre) bur i Aurland og har studio i Lærdal. Trekkspelet du ser på biletet fekk han spesialbestilt for sju år sidan, men er no vekke. Her er han i samspel med Håkon Høgemo frå Øvre Årdal før Førdefestivalen i 2017. Foto: Pressefoto. 

Aurlending fråstole trekkspel til 80.000 kroner: – Det var liksom mitt instrument

Døra på turnèbussen vart broten opp då han stod parkert etter ein konsert i Stavanger. Det unike trekkspelet var det einaste som forsvann.

Stavanger/Aurland: – Det er frykteleg ergeleg, seier musikar Tom Karslrud frå Aurland.

I dag tidleg oppdaga han at nokon hadde brote seg inn i bussen til gruppa han for tida turnerer med, og stole trekkspelet hans: 

– Rart at det er borte

– For det første kostar det ein del, for du andre får du eit personleg forhold til intstrumentet ditt. Eg fekk det speisalbestilt og hadde gjort utbetringar på det sjølv òg. Det var liksom mitt instrument, så det er veldig rart at det er borte, seier Karlsrud.

Det var Dagsavisen som først melde om tjuveriet. 

Trekkspelet er av det italienske merket Castagnari og kostar 80.000 nytt. Det faktum at det er så spesielt gir Karlsrud håp om å få det att.

– Det er ikkje så lett å omsetta, seier Karlsrud.

Trekkspelet einaste som forsvann

Innbrot skjedde då turnèbussen stod parkert etter ein konsert i Stavanger torsdag. Sidedøra på bussen var broten opp. Trekkspelet er det einaste som er vekke.

– Anten har dei visst akkurat kva dei var ute etter, ellers så har dei hatt det travelt og berre røska med seg det dei fann. Det låg ganske mykje anna i bilen, som kanskje ikkje var like mykje verdt, men som er lettare å selga, seier Karlsrud.

Han håpar skriveri i media og delingar på sosiale medium kan bidra til eit gjensyn med instrumentet han har hatt dei siste sju åra.

– Det er ganske mange som veit om det etter kvart, så det er lov å håpa, seier han.

Til toppen