Noralv Distad frå Aurland er ein av sju representantar frå Indre Sogn som fekk namnet sitt innstilt til fylkestingsvalslista til Vestland Høgre. Han står på andreplass, like under Silja Ekeland Bjørkly frå Bergen.
Noralv Distad frå Aurland er ein av sju representantar frå Indre Sogn som fekk namnet sitt innstilt til fylkestingsvalslista til Vestland Høgre. Han står på andreplass, like under Silja Ekeland Bjørkly frå Bergen. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Aurlending i Høgre sin listetopp for den nye storregionen

Vestland Høgre har lagt fram si nominasjonsliste før fylkestingsvalet. Sogn og Fjordane har sikra seg mange plassar, og Indre Sogn stikk av med nestleiarplassen.

Indre Sogn: Neste år er det fylkestingsval att. Dette vert eit historisk val sidan det er det fyrste etter fylka Hordaland og Sogn og Fjordane vert eitt – Vestland.

Dette vil føre til vallister med namn frå Stryn i nord til Etne i sør. Nominasjonskomiteen i Vestland Høgre la før helga fram si innstilling som ligg nede i saka. Fleire politikarar frå Indre Sogn har funne vegen til lista og øvst oppe på andreplass er aurlendingen Noralv Distad.

– Det er klart dette er artig. Ikkje berre for meg personleg, men også at fylket er representert, seier Distad.

Nominasjonskomiteen si liste består av 72 namn. Av desse er 27 frå Sogn og Fjordane. Sju av desse er frå Indre Sogn. 

Eit av desse kjem til å bli det nye fylkesvåpenet for storfylket Vestland. Foto:  Vlfk.no 

Les også: No kan du stemma på ditt favorittfylkesvåpen

Ungdomen skal i sentrum

Distad er også leiar for programnemnda og like før helga hadde dei møte. Han seier det er to saker som har peika seg ut som særs viktige i samanslåingsperioden, begge spesielt viktige for ungdomen.

– Utdanning og samferdsle vert nøkkelsaker. Fylkeskryssande tilbod er i dag ikkje gode nok, rett og slett. Hordaland har nokre spanande prosjekt kring ungdom og skulegang på veg, og me vert jo aldri heilt ferdig med samferdsleprosjekt.

Distad er også tydeleg oppteken av samanslåingsprosessen. Han verkar bevisst på den uroa mange har følt på; at fylkessamanslåinga berre er eit administrativt og byråkratisk prosjekt.

– Samanslåinga skal ha ein meirverdi som skal kome innbyggarane til gode. Dette skal ikkje koke vekk i administrasjon og politikk, men gje vestlendingane eit betre tilbod, seier Distad.

– Til sjuande og sist har me som politikarar éin oppdragsgjevar, og det er innbyggarane.

Samferdsle vert ei viktig sak for Vestland Høgre i valet som kjem. Her frå då vegen mellom Årdal og Fodnes var stengt etter raset i januar 2018. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Ville ha med heile fylket

– Tilbakemeldingane frå Sogn og Fjordane har vore kjempebra, seier Nils Marton Aadland som er leiar av nominasjonskomiteen til Vestland Høgre.

Han meiner Høgre har god sjanse for å få 18 representantar inn på tinget. Om lista står som innstillinga er i dag vil det tyde at Sogn og Fjordane går frå fire til seks representantar. Det nordlegaste fylket har altso fått uproposjonelt mange namn på lista.

– Me kunne ikkje legge matematikk til grunn for avgjerda vår. Me ville ha med oss heile fylket, og det føler eg me har greidd, seier Aadland.

– Eg meiner at lista slik ho ligg no er veldig god. Det er klart den kan kome til å endre seg, men eg er trygge på at me får ei solid gruppe på fylkestinget.

Høyringsfrista for nominasjonen er sett til 10. oktober. Nominasjonsmøtet i det nye fylkeslaget er sett til 11. november.

 

Nominasjonskomiteen sitt forslag til innstillingar:

1. Silja Ekeland Bjørkly, Bergen
2. Noralv Distad, Aurland
3. Svein K. Halleraker, Stord
4. Dan Stian Femoen, Bergen
5. Hanne Eva Husebø Kristensen, Kinn
6. John Andre Kongsvik, Bergen, ungdomskandidat
7. June Vibecke Knudtsen Indrevik, Øygarden
8. Christer Lilleskare Olsen, Bergen
9. Sonja Øvre-Flo, Stryn
10. Karl Vågstøl, Alver
11. Lise-May Sæle, Sogndal
12. Gunnar Moland, Ullensvang
13. Iril Schau Johansen, Voss
14. Chris Jørgen K. Rødland, Bergen
15. Petter Haraldsen Haugland, Askøy
16. Tore Fossen, Sunnfjord
17. Pål Kårbø, Alver
18. Kristin Mjanger, Gulen
19. Roald Stigum Olsen, Bergen, Senior Høgre
20. Kari Odland, Bergen
21. Emil Tetlie Brimsholm, Bjørnafjorden
22. Silvia Haugland, Øygarden
23. Morten Andreas Hagen, Kinn
24. Ragnhild Hus Fagerbakke, Austevoll
25. Vasan Singaravel, Bergen
26. Wenche Tislevoll, Fitjar
27. Nils Kåre Skoge, Øygarden
28. Jana Middelfart Hoff, Bergen
29. John T. Torsvik, Masfjorden
30. Bjørn Hollevik, Kinn
31. May Eva Sandvik, Alver
32. Bjørn Loe Nyhuus, Bergen
33. Yamilys Krossøy, Årdal
34. Peder Sjo Slettebø, Kvinnherad
35. Neshe Lie, Bergen
36. Olve Grotle, Sunnfjord
37. Beate Dybendal Nordvik, Gloppen
38. Sven Flo, Stryn
39. Randi Arnesen, Bergen
40. Vidar Grønnevik, Kinn
41. Marthe Aadland, Alver
42. Bjørne Østrem Djukastein, Voss
43. Anne Lilleaasen, Sunnfjord
44. Vegard Enerstvedt, Bømlo
45. Marta Sofie Vange, Vik
46. Sean Røskeland, Alver
47. Mirijam Yasmin Bale, Sogndal
48. Morten Storebø, Austevoll
49. Solfrid Fossberg, Sogndal
50. Karstein Jon Totland, Masfjorden
51. Kåre Martin Kleppe, Tysnes
52. Liv Bente Fagerbakke Storebø, Austevoll
53. Geir Arve Sandvik, Luster
54. Monica Sunde Tjønnås, Høyanger
55. Sveinung Riber, Voss
56. Mathias Råheim, Sunnfjord
57. Tore E. Hjelle, Eid
58. Elisabeth Birkeland Hatlenes, Bremanger
59. Knut Arne Klingenberg, Årdal
60. Marie Bruarøy, Bjørnafjorden
61. Morten Midlang, Vik
62. Anders Kristian Sægrov, Sunnfjord
63. Nina Bjørvik, Sunnfjord
64. Thomas Hjortland Wallem, Alver
65. Solfrid Hammersland, Bergen
66. Christer Agasøster, Bømlo
67. Aslaug Wathne Skimmeland, Bømlo
68. Ole Andre Klausen, Askvoll
69. Vibeke Angelskar Erstad, Alver
70. Stian Herøy, Fedje
71. Mikal Møller Hovda, Sveio
72. Mona Røsvik Strømme, Bergen

Til toppen