TI TILBOD: Tilsette på E16 Filefjell med tralla med dei ti tilboda som kom inn på delstrekninga Øye – Eidsbru på E16 Filefjell. Frå venstre: Jonas Dalland, Stein Henry Øvstetun, Odd Erik Haugen og Arne B. Strand. Foto: Ole Kristian Åset, Statens vegvesen.
TI TILBOD: Tilsette på E16 Filefjell med tralla med dei ti tilboda som kom inn på delstrekninga Øye – Eidsbru på E16 Filefjell. Frå venstre: Jonas Dalland, Stein Henry Øvstetun, Odd Erik Haugen og Arne B. Strand. Foto: Ole Kristian Åset, Statens vegvesen.

Austerrikarar får byggja på Filefjell

Strabag hadde det lågaste tilbodet og vann kontrakten om å bygge E16 Øye - Eidsbru.

Filefjell: Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding tysdag. Ti entreprenørar leverte tilbod på delstrekninga på E16 Filefjell. 

Tilboda er no kontrollrekna og val av entreprenør er gjort. Det er austerrikske Strabag AG som kom med det lågaste tilbodet og er tildelt kontrakten.

– Me er veldig glade for å kunne tildele jobben til Strabag AG og bruke deira solide internasjonale erfaring i prosjektet. Det var mange gode tilbod, men Strabag vann på lågaste pris. Me ser fram til eit godt samarbeid med entreprenøren på strekninga, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen i pressemeldinga.

Det er ti dagars klagefrist på avgjerdsla. Når denne fristen er gått ut, kan kontrakten signerast. Arbeidet på strekninga vil starte så snart kontrakten er underskriven og samhandlingsfase er gjennomført. 

Delstrekninga Øye – Eidsbru er den austlegaste biten på E16 Filefjell. Ny trasé tek av frå eksisterande E16 ca 1,5 km aust for Øye kyrkje, går opp og bak busetnaden i Øye og inn i ein to km lang tunnel litt aust for elva Rødøla. Den nye vegen kjem inn att på eksisterande E16 ved Strøndafjorden like nord for Eidsbru.

Til toppen