AUSTLANDSAVDELING: Spelarane skal kjempe i ny avdeling sesong 2016. Arkivfoto. 
AUSTLANDSAVDELING: Spelarane skal kjempe i ny avdeling sesong 2016. Arkivfoto. 

Austlandsavdeling neste sesong

Neste sesong skal Årdal FK spele i ny avdeling. 

Årdal: Laget Årdal FK har denne sesongen vore i ei avdeling der dei har måtte reise langt for å spele kamp. Neste sesong blir reiseruta kortare.

- Me er godt nøgde med å få spele i austlandsavdelinga, seier trenar Ivan Øy. 

- No blir det direkte veg og me slepp ferje, legg han til.

Artikkelen held fram under biletet. 

NØGD: Trenar Ivan Øy er nøgd med å komme i austlandsavdelinga. Arkivfoto.
NØGD: Trenar Ivan Øy er nøgd med å komme i austlandsavdelinga. Arkivfoto.

Han fortel at dette blir ein kjekk og spennande sesong med mange nye lag å spele mot. 

-Det er sterke lag men det er me vande med, seier han.

Han peikar ut Lillestrøm 2 og Kongsvinger 2 som to sterke lag. Han gler seg til sesongen tek til.

Her finn de dei 12 avdelingane i 3.divisjon sesong 2016. Årdal FK ligg i avdeling 3.

Til toppen