NY LEIAR: Lektor Magne Aasbrenn (60) frå Fredrikstad er den første østfoldingen som er vald til leiar i Noregs Mållag. Foto: Noregs Mållag.
NY LEIAR: Lektor Magne Aasbrenn (60) frå Fredrikstad er den første østfoldingen som er vald til leiar i Noregs Mållag. Foto: Noregs Mållag. (Foto: Noregs Mållag)

Austnorsk leiarduo i Noregs Mållag

For første gong er ein østfolding vald til ny leiar i Noregs Mållag. Magne Aasbrenn (60) frå Fredrikstad blei i helga vald til ny leiar i Noregs Mållag, medan Jens Kihl frå Oslo er ny nestleiar.

– Dette er ei stor glede for meg, og eg takkar også på vegner av østfoldmålet, seier den nyvalde leiaren i ei pressemelding.

Aasbrenn tek over etter Marit Aakre Tennø som har vore leiar i Noregs Mållag sidan 2013.

Sogn: Den nyvalde leiaren ønskjer mellom anna å få til eit tettare samarbeid med fagrørsla og styrkja nynorsk språkstimulering i barnehagane i nynorskområde.

– Som ny leiar vil eg ta kontakt med LO-leiar Gerd Kristiansen og tilby hjelp frå mållaget til å gjennomføra vedtaket dei gjorde på LO-kongressen i 2013, om likestilling mellom bokmål og nynorsk, seier Magne Aasbrenn.

I styret får han med seg Jens Kihl (30) frå Oslo som nestleiar. Han er politisk journalist i Klassekampen og har også tidlegare vore nestleiar i Noregs Mållag og leiar i Norsk Målungdom.

Dei andre styremedlemmene er Inger Vederhus (62) frå Flora, Inger Johanne Sæterbakk (34) frå Orkanger, Peder Lofnes Hauge (27) frå Gloppen og Ingrid Fiskaa (38) frå Bryne. (©NPK)

Til toppen