SPØR POLITIKARANE: No framfor eit kommuneval og i desse bompengetider... er dette noko våre kjære politikarar kan vera med å påverka? (Arkivfoto)
SPØR POLITIKARANE: No framfor eit kommuneval og i desse bompengetider... er dette noko våre kjære politikarar kan vera med å påverka? (Arkivfoto) (Foto: Sunniva Knutsen)

MEININGAR

– Autopass på ferje er fordyrande for idretten

Ordninga med autopass, som vart innført våren 2019, er ei katastrofe for idrettslaga. Denne ordninga vil føra til dobbel ferjekostnad, skriv Ruth Laberg i IL Jotun.

Vel blåst Målrock-helg! Ei av dei største dugnadshelgane idrettslaga har. Dette gir kjærkomne inntekter til drifta av idrettslaget. Festivalen er med å setja Årdal på kartet og viser fram noko av det vakre bygda vår har å by på.

For IL Jotun fotballgruppa vil dette for haustsesongen bety ein auka kostnad på cirka 30.000 kroner.

Ruth Laberg, IL Jotun

Tur til Soleiebotntind, Målrockvorspiel på vakre Svalheim gard i Utladalen, Meieriparken på Årdalstangen, naturskjøn utescene og flott Målrockcruise. Kunstutstilling av både lokale og kjende kunstnarar. Det heile slutta søndag med flott konsert på vakre Paradisjuvet.

Dette er utgangspunktet som legg grunnlag for dei inntektene idretten sit att med.
Det har gått med 1400 dugnadstimar der foreldre, besteforeldre og andre frivillige stiller opp for å få denne helga til å gå rundt.

DIFOR vert eg mektig provosert og frustrert når me må bruka store delar av dugnadspengane våre til å dekke inn auka ferjekostnader istadenfor at me kan la dei koma ungane i idrettslaget til gode.

Ordninga med autopass, som vart innført våren 2019, er ei katastrofe for idrettslaga. Denne ordninga vil føra til dobbel ferjekostnad.

Foreldre som køyrer dugnad, får ikkje nytta ferjekorta

For IL Jotun sin del, har me tre bussar som er i drift året rundt. Desse er utstyrt med autopass og ferjekort. Autopassbrikker for idrettslag -/bedrifter må leggast inn under organisasjonsnummeret til laget. Det betyr at køyretøya må vera registrerte på idrettslaget.

Bussane dekker ikkje på langt nær det transportbehovet me har. Ein stor del av transporten føregår med at foreldre køyrer privatbil.

Det er ikkje mogeleg for oss å nytta ferjekorta som ligg i bussane og betale for til dømes foreldre som køyrer dugnad. Bilen må vera knytt til det ferjekortet ein brukar. Dermed får ein ikkje 50% avslag på ferjetransport og må betala full pris.

Ved tidlegare ordning hadde me ferjekort til alle laga (kulla). Desse kunne ein nytta ved ferjeoverfart, uansett kven som var eigar eller køyrde bilen, og me fekk dermed 50% avslag på overfart.

Ingen planar om å gjera ordninga meir tenleg

Både idrettskrets og spesielt fotballkretsen (som har mest aktivitet) har fått veldig mange telefonar frå klubbane rundt i fylket som ber dei prøva å gjera noko. Kretsen har prøvd og klubbane har prøvd. Tilbakemeldingane fotballkretsen har fått, er at det føreligg ingen planar som skal gjera denne ordninga meir tenleg for idrettslaga.

For IL Jotun fotballgruppa vil dette for haustsesongen bety ein auka kostnad på cirka 30.000 kroner. 

No framfor eit kommuneval og i desse bompengetider... er dette noko våre kjære politikarar kan vera med å påverka?

Helsing ein frustrert (men mest irritert) oppmannskoordinator for IL Jotun fotball. 

Til toppen